lørdag 30. oktober 2010

Malermesteren si gave, del 2

La det vere sagt ein gong for alle: Rune er fantastisk!


Og eg har hatt ein veldig, veldig fin laurdag!
Eg har drukke kaffe og sett på at han jobbar. Ja, det er i grunnen det eg har gjort i dag. (bortsett frå å vaske eit par maskiner med kle..) Og gutar, skal du ha ei kvinnes oppmerksomhet, så er det berre å sette i gang å jobbe på kjøkkenet hennar.. (det er det same kva du gjer, så lenge du gjer det skikkelig! ;) )

Klokka litt over 10 kom han og begynte å sparkle.


Eg syns det er utrulig fasinerande å sjå på det. Han arbeidde så fort og sparkelmassa var liksom så mjuk å sjå til, fikk liksom lyst å stikke fingeren inni for å kjenne om den er like mjuk og varm som den ser ut...


For å få det til å tørke slik at han kunne male, så brukte vi litt kreative løsningar...



Så var det maletid.. Først tok han taket. Det var på ein måte litt nødvendig...

trur det hadde vore kvitt ein gong det og...

til tider balansekunst som eg vart svimmel av å sjå på!

Eg lot meg fasinere av balanseringa på trøa.. (gardintrapp og liknande heiter trøe på bergensk..) Eg prøvde meg oppi, erfarte at det var behagelig å stå der, men då sto eg trygt på begge beina. Men det å komme seg ned igjen var ein heilt annen ting..

Etter fyrste malingsstrøket tok vi lønsjpause, og gikk på kinarestaurant. Det funka i grunne bra, ein tur innom Sakrestiet og kjøpe kaffe rakk vi og, før vi vendte tilbake til rollene våre... Og her er resten av dagen, i allefall så langt!

Malarar likar ikkje silikon, men blir yr av acryl! ;)

Når en har malt et strøk, så kan en like gjerne ødelegge det litt... og det
er jo ikkje så farleg, det er jo berre bak kjøleskapet ;)


Slå på lyset... 

Mens vi venter på at det skal tørke...

Siste finish..
Before...

After!!

Snille,  flinke, fantastiske Rune på mitt fiiiiiiine kjøkken! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar