fredag 8. oktober 2010

Ei reise i livet..

I går starta eg på årets tyngste reise. Bergen - Kristiansund. Ei reise til slektstreff av den dystre sorten.
Fyrst tok eg båten til Selje, og derfrå var det bil.
Når ein har ei søster uten retningssans, så er det veldig greit at ein har GPS.
I vårt tilfelle snakka ho sånn ca. ålesunder og skremte meg meir enn ein gong.

min gode venninne GPS-dama fra Ålesundstraktene
Og når ein er ute og køyrer får ein sjå mykje rart - og eg har reist nokre gongar til Ålesund opp gjennom livet, så dette har eg sett før. Men eg må seie at syns det er beundringsverdig skilting...

her trenge du en bil som går fra 0-100 på 3 sek 

Men kanskje er det litt sånn i livet også? At vi ikkje heilt veit om vi skal gi gass eller stoppe? Eller at vi gir bånn gass rett før vi møter hindringa som gjer at vi må stoppe - om vi ikkje vil utsette oss for stor risiko då..

Som de veit så døde tanta mi forrige fredag. Etter ei tid med sjukdom, kom tidspunktet når kroppen hennar ikkje orka å kjempe lenger. Tante Randi var ei vakker dame, full av liv og glede. Ho oppmuntra alltid og var tydelig glad for å sjå deg når du møtte henne. Eg har aldri før sett min onkel uten henne, dei har vore gift i nesten 45 år og høyrde saman.

Flagget hang på halv stang for tanta mi ved
Kirkelandet kirke i dag
Eg ikkje er så god på dette med sorg. Eg likar det ikkje. Det er vanskelig å forholde seg til. Så helst unngår eg det, fortrenger og undertrykker. Og eg vil helst at alle skal ha det godt, så eg gjer alt eg kan for at dei eg er glad i skal ha det bra. Og då føler eg meg så hjelpelaus når det ikkje er noko eg kan gjere for å ta bort smerten.

Men eg måtte reise i gravferda. Det var i dag. Eg er glad eg var der, sjølv om det var vondt og vanskelig. For det var ein veldig fin avskjed. Og så syns eg det var så trøst i orda som Presten sa: "Sorg er óg eit uttrykk for kjærleiken!" - i 1.Kor.13 seier Paulus: "Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken." - tenk, Kjærleiken er den einaste krafta som er sterkare enn døden! Tante er vekk, sorga er stor, men minna og kjærleiken lever vidare i oss som har vore så heldige å få møte henne!

På veg heim møtte vi denne solnedgangen - er det dette ein kallar
"måne og sol"?





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar