Min gode venn Rune er malermester. Og dei som har lest bloggen min tidligare, har kanskje fått med seg at han hjalp meg å rive det gamle kjøleskapet.. og så gikk eg hen og kjøpte ett som ikkje var stort nok til å dekke det sparsommelige arbeidet som var gjort med tapet på kjøkenet.. Så Rune, den gode mannnen, sendte melding til meg på bursdagen og fortalte at han hadde tenkt på at eg kanskje ville ha mala kjøkenet.. og då ville han gjerne gi meg det som bursdagsgave..
|
Litt gratisreklame! ;) |
Eg vart så glad at eg nesten begynte å grine. Eg har levd i snart 9 år med ein blomstrete papirtapet som hadde begynt å løsne her og der..
|
Død over blomstrete papirtapet!! |
EG HATA DEN TAPETEN! Men visste at det var masse arbeid hvis eg skulle male, så eg har berre utsatt og utsatt og utsatt.. Og plutselig fikk eg hjelpa frå ein som faktisk kan å male, og som garantert ikkje lagar kunstferdige mønster i taket, eller på listene - slik eg gjorde i fjor sommar då eg mala soverommet...
Så i kveld starta jobben med grunning. Her er nokre glimt:
|
Fikk lov å hjelpe til å rive tapeten!! |
|
Han lot meg til og med få leike med et knivblad! |
|
Det en kan kalle froskeperspektiv |
|
Dei som kan det brukar visst hanskar når dei malar... |
|
Det er ikkje snakk om å bruke sånn pinglete "rullebrett" her nei.. |
|
Djup konsentrasjon |
|
var liksom litt stemningsfullt... |
|
om han skulle slutte som maler, trur eg han har ei framtid i cirkusbransjen.. |
Så no er kjøkkenet grunna. I morgon skal det sparklast, pussast og malast. Eg skal jo ikkje gjere så masse, men eg må seie at eg gledar meg. Det blir kjekt å tilbringe dagen i lag med Rune, ja, det er kanskje det beste med heile gåva :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar