tirsdag 16. oktober 2012

Den narkomane og kassadama

Eg var på Deli De Luca og skulle kjøpe meg noko å drikke.
Foran meg stod det ein narkoman og telde på pengane sine for å sjå om han hadde råd til sjokolademelka han hadde funne seg.
Med seg hadde han ein søppelsekk og ei veske, som stod på golvet framfor han.

Dama i kassa var ikkje direkte vennlig mot han.
Faktisk vil eg påstå at ho behandla han dårleg. Ho venta ikkje på at han skulle finne pengane, berre gav han sure blikk medan ho vinka køa forbi.
Eg kjende det provoserte meg litt.


Bedre vart det ikkje då søppelsekken han hadde viste seg å vere lekk, så det vart ein stor dam med væske ut over golvet.
Han skunda seg å bere ut sekken då han såg det, og spurde fint om han kunne få noko tørkepapir slik at han kunne tørke det opp.
Dama i kassa såg endå surare på han og fann eit lite stykke papir, av den typen som er i dispensarane på offentlige toalett, og gav til han. Sjølv om det var synleg for eit kvart oppegåande menneske at dette ikkje var nok. Og ho vart ikkje noko blidare då han bad om meir papir. Ho gav han eitt og eitt stykke. Akkurat som om det var fare for at han skulle stikke av med papiret..
Då vart eg virkelig provosert.

Dei fleste av oss med såkalla vellukka liv
ville berre lata som ingenting,
tatt sekken når vi gjekk og ikkje brydd oss med å tørke opp.
Det er eg heilt sikker på.


Men denne mannen, med heroinknekk i knea, bøygd hovud og litt snøvlande tale,
han gjorde ikkje det.
Han rydda etter seg, og var betalande kunde på lik linje med meg og alle dei andre som var der.
Han har rett til å bli behandla som eit menneske,
ikkje som eit skadedyr.
Eg har kjent litt for mange slike som han,
eg har fått sett bak rusen og fått sett dei fantastiske menneska som befinn seg der.
Hjertet mitt brast for han, for han har tatt dårlege valg - men berre denne vesle episoden fortalde meg at han var eit godt menneske.
Han er eit menneske som fortjenar å bli møtt med respekt og vennlighet!
I kveld vart han eit stort forbilde for meg!


Så eg satte flaska mi på disken, dama bak disken smilte som ei sol til meg - så eg sa at neste gang kunne ho behandle alle menneske med eit smil, og så gjekk eg.

2 kommentarer:

  1. Jeg blir helt på gråten når jeg tenker på hvor liten han må ha følt seg. Fatter ikke at noe menneske kan være så stygt mot en annen - bare fordi han sliter litt mer enn mange andre i livet. Fantastisk at du sa fra, flere burde gjort det samme! Jeg har mange ganger satt meg ned bare for å slå av en prat med de som sitter langs med gata og henger med hodet. Jeg har også invitert med meg noen av dem på cafe eller lignende og spandert mat. Det finnes ikke noe mer takknemlig menneske enn det du møter da! Tenk å sette så stor pris på litt omtanke og medmenneskelighet! Det har mange av oss noe å lære av.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er mye visdom i ordene Frelseren sa: " Kast den første stein den som er rein. "

      Slett