søndag 14. oktober 2012

Haustfest



 Det har vorte ein tradisjon
at vi er ein gjeng som samlast 
til lammemiddag på hausten.
Og i går var dagen!
Sola skein
og livet var herleg.
Eg var avslappa 
og kosa meg med å stelle i stand til selskap.


Eg fekk til og med tid til ein tur på kaffemisjonen
og til å nyte ein trippel latte i sola.
Slike dagar kan livet nesten ikkje bli betre!


På menyen stod det
Kamskjell med eple og sellerirotpurè til forrett.
Lammelår med rotfrukter og rødvinsaus til hovudrett.
Lammet var langsteikt og rimelig mørt.
Eg gløymde sjølvsagt å ta bilde av maten, 
heilt til vi var vel forsynt av desserten, 
som var heimelaga tiramisu.


Stemninga var god
og det virka som vi kosa oss alle sammen.
(sjølv om vi gjerne skulle vore to til, 
men det er ikkje enkelt å få samla alle på ein kveld..)


Latteren sat laust
og det vart drøfta både
internasjonal politikk,
og dataspel,
snakka om lego, radiostyrte ting 
og bruken av kassettar i fordums tider...


Det er aldri kjedelig å vere i lag med desse folka, 
det er i allefall sikkert! 
Eg diggar dei hemningslaust!



Og eg fekk lære ein ny måte å drikke cognac på..


Det beste tegnet på at ein kveld har vore vellykka på
er tilstanden på kjøkenet..
Eg ynskjer meg nytt, stort kjøken til bursdagen!


Nei, livet kan ikkje bli betre enn slike dagar!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar