søndag 21. oktober 2012
Ønsker deg..
Då eg tok toget heim på torsdag hadde ei melding hengt seg opp på informasjonsstripa i vognene.
"og ønsker deg" stod det utan endring heile vegen frå Oslo til Bergen.
Og eg fekk tid til å sitte og tenke på desse små orda "ønsker deg", om korleis dei kan brukast og kva det betyr.
Vi har vel alle høyrt høyrt Mariah Carey synge om "All I Want For Christmast is You" eller liknande klisjear i romantiske komedier eller tårevåte drama. Det blir fort ein floksel, noko som er litt overflatisk og glatt. Men tenk kor sterkt uttrykk dette egentlig er..
Ønsker deg - det er svulmande, svært og samtidig utrulig sårbart.
Ønsker deg - to ord som i seg sjølv er positive, kan samanstillast med uendelig mange kombinasjonar av ord, som kan gje både positiv og negativ klang.
Men om vi legg det til side, og berre ser på desse orda - slik dei står, berre dei to, er utelukkande positive.
Ønsker deg - to ord som i seg sjølv bekreftar ein annen sin verdi, to ord som avslører kjærleik, to ord som kan løfte nokon opp og fram.
Ønsker deg - to ord som avslører eit følelsesregister og som lar avsendaren stå blotta tilbake, to ord som avslører draumar og håp.
Ønsker deg - orda som bekreftar at nokon vil ha deg i livet sitt..
Det er ganske svært i grunnen. Og umåtelig vakkert.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar