torsdag 4. oktober 2012

Liv-Helga med Hammeren

I Jesaja 43 står ei setning som eg ofte har tenkt på,
og som eg er veldig glad i:
"eg har kalla deg ved namn, du er min"
Det er Gud som seier det til Israelsfolket, 
og så fortel Han om korleis Han alltid vil vere med dei,
uansett kva som måtte treffe dei rundt neste sving.

For oss er dette kanskje ei litt rar setning,
og for nokre vil det vere ei kontrollerande setning, 
ei setning om at ein ikkje er fri.

Men setninga handlar om identitet.
Den handlar om at Gud seier:
"Eg veit kven du er - barnet mitt!"
Namn og identitet hang nøye sammen i bibelsk tid.
Folk fekk namn som fortalde noko om kven dei var.
Og fleire fekk nye namn når identitetsskapande ting skjedde med dei.
Namnet fortalde noko av kva som kjenneteikna personen.

eg er kjenneteikna av beskjedenhet!

Namn betyr noko i dag og.
Kanskje er det ikkje like tett knytta til personlegheit, 
men det er absolutt sterkt knytta til person.
Kunne du for eksempel heitt noko heilt anna?
Er ikkje namnet ditt med på å definere kven du er?
Betyr det ikkje noko når folk hugsar namnet ditt? 
For ikkje å snakke om når dei ikkje hugsar det?
Og etternamnet vårt fortel jo kven vi kjem frå,
det fortel noko av kva historie vi er del av.

Når vi endrar namna våre 
så endrar vi og noko med oss sjølve.
Sidan eg kom til verda har eg heitt
Liv-Helga Fure.
Eit solid namn, 
som har ei flott tyding.
Det er ikkje så mange som heiter det, 
fornamnet mitt er det 3 eller mindre i Norge som skriv med bindestrek, 
og 33 kvinner totalt i Norge som har dette fantastiske fornamnet.
(vi er ein utdøyande rase, for 5 år sidan var det 39..)
Og legg du på etternamnet,
ja, då trur eg nok at eg er pitten aleine!

namneendring på gang?

Då eg var liten var eg ikkje overbegeistra over å ha to så trauste namn i lag, 
men no diggar eg det.
Eg likar etternamnet mitt og. 
Det er pappa sitt namn, 
det er ikkje så gamalt i slekta vår,
men det fortel noko om plassen min far vaks opp,
og det knytter meg til heimplassen min.
Og etter å ha levd med det i 35 år,
så trur eg nok eg kjem til å halde på det.

Men i mange år har eg gått og tenkt på at eg gjerne skulle 
hatt med mamma sitt namn og.
Grunnen var at eg, til tross for at eg ikkje var så gamal då dei døydde, 
hadde eit tett band til besteforeldrene mine.
Mamma er eineborn, 
så ingen bar namnet vidare, 
og syskjena til morfar valgte ein forenkla versjon.
Så no i haust fekk eg endeleg ut fingeren.
Og i dag fekk eg brev frå skatteetaten
om at eg no ikkje lenger heiter berre
Liv-Helga Fure, 
men har det velklingande og forholdsvis lange namnet:
Liv-Helga Hammeren Fure.


Eg må seie at eg er ganske fornøgd med min nye identitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar