mandag 8. oktober 2012

Super helg!

Eg har for fyrste gong sia eg slutta i Acta
vore på ein god, gammaldags leir.
Ten-leir!

Det har vore så kjekt!
Masse flotte ungdommar,
masse hormoner,
masse god mat,
masse fine samtaler, 
masse kjærlighet, 
masse latter,
masse spel og moro,
masse bra sang og musikk,
masse rangling,
og i det heile tatt
masse, masse bra!
Akkurat slik ein god ten-leir skal vere!


Men alle gode ting har ein ende, 
og leiren varte berre til middag i dag.


Etterpå heiv eg og fire av mine tantebarn oss i bilen
og sette kursen mot Volda, 
for å gratulerer Kristoffer, min nest eldste nevø,
med 20-årsdagen.
Det var stor stas å få sjå både han, 
og broren, som var heime i helga.
Eg må seie at eg er svært godt fornøgd med tantebarna mine, 
dei er definitivt best!

Og på veg til Volda
fann vi ut at vi måtte teste ut det nyaste alternativet, 
Kvivsvegen.
Den funka.


Så no sit eg i senga mi på Stadt,
lykkelig, og aldri så lite overtrøtt, etter å ha tilbrakt to døgn på leir
og etter å ha fått ete kake sammen med nokre av mine favorittmennesker!
Livet er ganske ålreit på slike dagar! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar