mandag 8. oktober 2012

Fargeglad


Sommaren er definitivt over.
I dag har eg vore ute og køyrt med sommardekk i haglbyge
og møtt bilen med frosne ruter..


Men eg har gått og tenkt på kor fint Gud har fiksa det.
No når hausten kjem,
med alt sitt dårlege ver,
så stiller naturen med dei varmaste fargane
og for eit spekter av nyansar!


Det er jo egentlig heilt fantastisk!
Og fullstendig utanfor mi fatteevne korleis det går an
å lage noko så komplisert
som skaparverket er.


Og når då kvelden kjem
og Aurora Borealis dansar over himmelen..


..så tenker eg at det vitnar om ein fargeglad skapar,
som gjer alt for at slike som meg, 
som likar lyset og varmen, 
skal overleve dei andre årstiden også.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar