mandag 4. juni 2012

1989 vs 2012

Eg har den siste tida lest ulike innlegg frå ungdommar som har gjort vondt langt inn i hjarterota.
Dei fortel om einsemd, mobbing, dårlege sjølvbilder og måtar å bli handsama på som eg blir heilt sjokkert over.

Eg har jo tidlegare skrive om spiseforstyrringa mi, om at eg har hatt mine kampar. At eg kunne vore mobba gjennom oppveksten er heilt sikkert. Mobbing er eit underleg fenomen, og det er merkelig korleis nokon av oss, som eigentleg har hatt alle oddsa mot oss, kan gå gjennom livet uten å oppleve mobbing. Medan andre som burde gått klar, får gjennomgå.

Eg kjem berre ikkje over at det var slik det var
i 1988..

Eg trur mobbing ofte handlar like mykje om korleis mobbaren har det, som kven mobbeofferet er. Og eg snakka med nokon i helga som fortalde at no i vaksen alder så ser dei at dei har vore med på å mobbe eit menneske, men då såg dei ikkje at dei var med i "mobben". Dei ville berre vere i lag med dei populære..

Etter å ha lest kva disse unge menneskene, som har livet framfor seg, skriv, så kan eg ikkje fri meg frå tanken om kor takknemlig eg er for at eg vaks opp då eg gjorde.

Eg vaks opp med fasttelefon der ein måtte slå retningsnummer og ikkje kunne snakke lenge dersom folk budde eit stykke unna, fordi det var så dyrt. I staden skreiv vi brev til kvarandre, for hand, og måtte avtale kor tid vi møttes, og måtte møte til avtalt tid. Vi hadde ein tv-kanal (det gjekk faktisk ganske lenge før vi fekk fargetv), og videospelar fekk vi fyrst då eg gjekk i 9.klasse (det som no er 10.).
Attitude så det holder...

Berre nokre få hadde parabol, og det var alltid stas å komme på besøk å sjå Pat Sharp på Sky Channel eller musikkvideoar på MTV. Ellers måtte vi høyre på musikk på radio, og ta det opp på kassett. Og vi måtte benke oss foran tv-en når det var halv-sju, midt i smørøyet eller andre liknande program - for var vi ikkje heime då, så fekk vi ikkje sjå det.

staving var ikkje nødvendigvis like enkelt...

Datamaskin hadde vi riktig nok, men den var det berre mamma som brukte. Eg fekk mi fyrste datamaskin, ein arva sak der musa ikkje fungerte og ein måtte lære seg korleis ein gjorde alt på tastatur, då eg var 21 år og skulle ha heimeeksamen.. Det gjekk ikkje direkte fort å skrive på den - for maskinskriving, som vi hadde mulighet til å ta som valfag, det hadde eg valgt vekk. Eg skulle jo bli superstjerne og gifte meg med Jordan i NKOTB, og då treng ein ikkje å skrive på maskin.

Jordan, eg var så klar.... ;)

Og internett kom aldri til å slå an! Eg fekk mi fyste mailadresse då eg var 19. Eg brukte den knapt dei fyrste åra... Det var jo ingen andre som hadde det!
Mobiltelefon var eg derimot tidleg ute med. Eg fekk min fyrste mobil då eg var 17 år, min andre då eg var 19 og det er så tidleg at eg faktisk har eit 906-nummer. Den fyrste var ein motorola klapptelefon som berre gjekk an å ringe med, den andre var ein murstein av ein nokia-telefon som hadde sånne fancy greier som heitte tekstmelding. Det var revolusjonerande for jenta som ikkje likte å snakke i telefon!

At eg har vokst opp under slike forhold har nok beskytta meg mot mykje. Når eg les om 15 åringen som har blitt blind og på grunn av at all kommunikasjon har gått over på internett, så opplever han seg sjølv som ei byrde og er isolert. Han kan ikkje chatte på facebook...


Eller når eg les om den 14 årige jenta som beskriv seg sjølv som feit, der ho sit med sine 68 kg fordelt på 170 cm. Vakker, vil eg seie ho er. Og normal - men idealene som ho finn i moteblada, på internett og blant sine venner fortel at ho ikkje er det. I tillegg er det så mykje lettare å slenge ut at nokon er feit, når ein slepp å sjå dei i augene - og etterkvart vert det sikkert ikkje så vanskeleg å sjå dei i augene heller. Og alle kan lese kva som står på facebookveggen, og slik kan ein kviskre og le av det og bli del av "mobben"....

Det var mange som hadde det tøft i oppveksten då eg vaks opp, eg trur alle på ett eller anna tidspunkt har opplevd å føle seg utanfor og dei fleste har vel ting som har ført til knekkar i sjølvbildet ein eller fleire gongar. Men eg trur dei som veks opp i dag opplever ting på ein mykje meir intens måte enn vi gjorde.

Kroppsideal?

Stressnivået er høgt, du skal halde tritt med alt som skjer og kva som er in. Du skal ha det siste, sjå ut slik som fotballfrue eller filmstjerner, eller Justin Bieber  for den saks skuld.
Internett, ein endelaus tilgang på tv-kanalar og sosiale medier bombarderer med kva som er det siste - det du berre MÅ ha. Det er ingen pusterom. Dei sommarklea du hadde i fjor kan du berre gje til fretex i år.
Moods må ein ha....

Eg vaks opp i ein heim der vi hadde alle måltid saman. Eg fekk aldri alt eg ville ha - og det er eg glad for. Eg fekk noko som var mykje bedre - eg hadde to foreldre, som til tross for hektiske timeplanar mellom gard og skule og alle mulige verv, alltid hadde tid til meg. Eg har aldri tvila på at dei har vore glad i meg. Dei har og vist meg at det går an å vere trufast, at kjærleik ikkje er rosenrødt og enkelt, men at det er eit val ein gjer. Og at "the real thing" er verd å kjempe for.



Altfor mange opplever i dag altfor mange brutte relasjonar, kjærleik er ein følelse som fører til sex. Altfor mange debuterer altfor tidlig. Og media fortel oss at sex med mange er normalt. Å vere restriktiv med kven du delar kroppen din med er sært. Og eg har snakka med altfor mange som har gått seg på ulike smellar med å gå til sengs for tidlig i forholdet. Såra ein kan pådra seg ved dette kan fort bli svært djupe.. men ingen har fortalt dei det.. og altfor mange vågar ikkje seie frå at dei ikkje er klar..


Forventningane som ungdommen i dag skal leve opp til er enorme. Og vi vaksne har altfor ofte nok med oss sjølve. Eg skal glatt innrømme det - eg er kjempeforfengelig. Eg vil ta meg best mulig ut. Eg vil ha den nyaste telefonen, dei kulaste klea og fancy sko og tilbehør.. Og når eg har det slik, når eg som har såpass med år på baken blir så reven med av alle fancy reklamestunt, bloggar og program som fortel meg korleis eg burde vere - korleis er ikkje dette for dei som enno ikkje har opplevd si fyrste skikkelige kjærleikssorg eller har erfart at pengane tek slutt og det ikkje kjem nye inn på kontoen før du har fortjent det..?

Vesle speil på veggen der...

Eg har lyst å vere ei motvekt. Eg har lyst å vere ein som kan fortelle unge menneske at dei er fine akkurat som dei er. Eg har lyst at vi skal roe ned all nettbruken og heller sette oss ned og sjå på kvarandre når vi er i lag. Eg har lyst å vere tilstades der eg er, både fysisk og mentalt, og ikkje berre på veg til neste avtale.
Eg trur vi treng det. Eg trur vi treng og senke skuldrane, nyte sola, fortelle kvarandre kor vakre vi er, le saman og prate om dei meir seriøse tinga.

Så for min eigen del skal eg prøve å sette ned tempoet, og jaget etter tinga. Eg vil heller hige etter å sjå andre menneske bli glad og trygge på at dei er elska, enn å vere perfekt sminka med perfekt hår, lytefri kropp og siste mote på klesfronten. Eg vil heller sjå menneske i augene og fortelle dei at dei betyr noko, enn å få bekrefta at eg betyr noko på facebook-statusen min.


Eg er så takknemlig for at eg vart tenåring i 1989, då ball-gensere fortsatt var ok å gå med og internett enno ikkje var komen til gards. Då eg kunne alle telefonnummer utenat og skreiv brev med rosa kulepenn, medan eg høyrde på opptak av "ti i skuddet" og nattønsket, og hadde tid til både å sykle på butikken og tegne i timesvis etter at leksene var gjort, og det mest spennande på tv-en var Dynastiet.
For det er jammen ingen spøk å vokse opp i 2012.

3 kommentarer:

  1. For eit flott innlegg :-) Er så einig med deg!
    Torill

    SvarSlett
  2. Kjempeflott!
    Husker spesielt kor viktig det var med opptak av ti iskuddet. Måtte trykke på record i akkurat rett augeblink for å få plass te flest mulig songa på ei side. Og kor tragisk det var om siste songen var lengre enn det var plass til på kasetten...sukk...

    SvarSlett
  3. Veldig bra skrevet; og til ettertanke for mange vil eg tru!! Dette sku vært pensum i barneskulen!!

    SvarSlett