fredag 22. juni 2012

Regn, glede og sorg


Sjømannskyrkja er ein fantastisk plass.
Her er det rom for alle,
uavhengig av livssituasjon og status.
Her er det fokus på at vi skal vere her 
for dei som treng oss.
Og det fører oss ut på mange slags oppdrag.
I løpet av veka som har gått har eg fått oppleve 
lykkelig brud og brudgom,
glade, friske born
og sorga til dei som har mista ein dei er glad i.
Eg har sikkert blitt servert mang ei røvarhistorie,
og trur på nesten alt,
blitt veldig klar over at det finnes skumle dyr her
og drukke rikelig både vatten og kaffe.


I går fekk eg oppleve min fyrste virkelige regnskyll her i Thailand.
Det er regntid her no, 
men i Pattaya er ein så heldig at veret er ganske så stabilt
året rundt, men litt fuktigare er det her og på denne tida.
Og når det fyrst regnar så regnar det!!



Min kollega Manee i farta for ikkje å bli for våt ...

.. før han fekk låne ein paraply..

I går hadde vi barnegruppe etter at kafeen i kyrkja stengde.
Supannee som arbeider på kyrkja 
fortalde ungane om 
då læresveinane ville vise dei små borna bort frå Jesus.
I over ein halv time satt ungane som fjetra.
Ho er virkelig flink til det ho driv med!! :)


Etterpå var det litt aktivitet,
nokre laga nabbi, andre perla 
og nokre av dei eldste fekk gitartime med Supannee :)


I dag var eg med i ein kristen gravferdsseremoni i tempelet.
Ein ung mann som døydde så altfor tidleg.
Sidan kona er buddhist så skal dei ha ein buddhistisk seremoni også, 
egentlig hadde ein tenkt å ha den i dag, men slik vart det ikkje.
Og sidan kista står i tempelet, 
så fekk vi lov å kome dit og ha seremonien.


Det var uvant å vere på ein slik plass for ein slik seremoni,
men det vart ei fin stund
og det er på ein måte veldig sterkt å høyre 
"Tears in Heaven" 
på ein plass der ein ikkje trur på Himmelen,
i allefall ikkje på den måten som eg trur på den.
Og det set tankar i sving
om kva eg virkelig trur på...

Eg trur nok eg får gjennomgå mange prosessar 
som eg må gjennomgå denne tida her.
Eg har møtt så mange nydelege menneske her, 
både dei som arbeider i kyrkja,
dei som kjem innom kyrkja
og utanfor kyrkja.

Eg lærer noko heile tida
og som sagt:
Livet har vorte større!

Så etter vi var ferdig i kyrkja i dag, 
tok eg og Marit turen ned til Pattaya (sentrum)
og eg fekk kjøpt meg stoff til kjolar, 
vi åt godt og unte oss ein aldri så liten fotmassasje.
Litt luksus må ein jo også ha! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar