onsdag 27. juni 2012

Lat dag


I går var eg rimelig slapp 
då kvelden kom.
Så eg tilbrakte den heime.


Det var utruleg deilig å synke ned i stolen
foran tv-en, 
der eg hadde funne ein tv-kanal med engelske seriar.
Det kan ikkje bli feil når eg får tilbringe 
kvelden med Derek Morgan (og dei andre i Criminal Minds),
enten eg er i Norge eller Thailand ;)


Eg har ikkje vore heilt på topp i dag heller.
Egentlig hadde eg tenkt meg på barneheimen i dag og,
(det er kvar onsdag), 
men eg orka ikkje og bussen var full likevel.
Og så vart eg invitert med ut og ete etter jobb, 
og fekk tilbringe ein time på verandaen til Marit før 
vi møtte dei andre til mat.
Ho har ei fantastisk utsikt over ein annen del av byen.


Ein del køyrer moped/motorsykkel/scooter her..
 Etter at vi hadde ete, 
og eg hadde trykt i meg ein plankebiff, 
så skulle dei andre på spa.
Eg og Marit fann ut at vi kunne jo ta ei lita formassasje..


Det var ein ganske eksklusiv plass,
og fotmassasjen kosta 100 baht meir enn andre plassar.
Men - 300 baht (ca.60 kroner) for ein time
med god oljemassasje
av føtene, 
samt litt massasje av armer, nakke og rygg,
kan vei dei fleste overleve ;)


Plassen heitte Relax 
og til og med katten reklamerte for namnet ;)


Eg er og rimelig relaxed,
så eg trur eg snart skal krype under dyna :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar