tirsdag 12. juni 2012

Om å utvide grensene

Eg er inne i ei fase der eg utfordrar komfortsonene mine.
Eg har prøvd å køyre el-bil til Austevoll, 
det gjekk bra.


Eg har køyrt bil i Oslo,
og oppdaga at det også gjekk bra.
Eg har vore i bryllaup der eg ikkje kjende andre enn bruda godt, 
det gjekk ikkje gale det heller.


Om nokre få dagar reiser eg til Thailand
heilt åleine.
Eg skal ikkje på ferie saman med gode vener,
men vere i teneste i sjømannskyrkja, 
og sansynligvis få mange nye vener.


Det er litt skummelt, 
men eg trur det er sunt å utvide grensene sine.
Det kan sjå litt mørkt og skummelt ut, 
men når ein fyrst har prøvd det,
så oppdagar ein ofte at det lett går godt.
Og at mykje ein trudde var grått og kjedelig, 
eller vanskelig, 
ikkje er det..


Og mange gonger tenker vi at det er best å halde seg til det ein kjenner, 
det som er trygt og ikkje byr på for mange utfordringar..

Prøv å ringe herfra...

Men alt var ikkje betre før.
Forandring er ikkje alltid noko negativt.
Og av og til vil motstand mot det som er nytt
og ukjent
føre til at ein havnar i bakevja
og sluttar å utvikle seg.

min nye venn. ;)


Livet er til for å levast, 
og eg vil nyte, le, elske, sjå og erfare.
det er vel berre å hoppe i det..

Men fyrst må eg visst pakke.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar