mandag 18. juni 2012

Liv(et) i Smilet sitt land :)


So er eg altså i Thailand,
smilet sitt land. 
I går hadde eg min fyrste dag på "jobb"
og i dag har eg hatt fri.
Det kan komme godt med, 
for jenta er ein smule jetlag..
Men eg har no vore ute og kika meg rundt, 
og gjort meg nokre betraktningar..

Baht-buss. (mesten batmobile ;) )

I Thailand er det venstrekøyring,
og eg er egentlig ganske takknemlig for at eg ikkje har 
internasjonalt førarkort.. (for då slepp eg å køyre)
Ein kjem seg fram på ulikt vis 
dersom ein ikkje køyrer bil.
Dei fleste tek "baht"-buss, 
eller så drosje enten i bil eller på motorsykkel...


Det var ganske masse styr i trafikken oppe i høgget her i dag, 
med mykje politi.
Det var fordi statsministeren var på besøk.
I går var det val av borgermester her, 
og då stengde all alkoholservering.


Heile familia på sykkelen
Eg tok meg ei pause på mi vandring, 
då eg fann ein kaffeplass.
Kjempegod ismoccha! :D

Krim høyrer ferie til, sjølv om det er jobbeferie :)
 Ein av dei tinga som virkelig er fasinerande
er det elektriske opplegget.
Det er eit virrvarr av kablar som heng i lufta, 
som svarte skyer framfor husa.
Eg forstår ikkje korleis dei finn ut av det...


Det thailandske flagget

I Thailand trur ein på reinkarnasjon, 
det gjer at ein ikkje skal skade dyr.
Her er derfor ekstremt med laushundar,
kor av mange burde ha fått ei sprøyte
fordi dei er så sjuke.

Møtte ein liten, søt kvalp på vegen...


Dette finn vi sjelden i grøftene i Norge ;)
Turen i dag gjekk opp på ei høgde like ved her eg bur no
(og sjømannskyrkja)
der det er ein kjempesvær Bhudda-figur.


The Big Bhudda
 Det er fasinerande å sjå
korleis religion er ein måte å leve på her.


Foran hus og butikkar
så står det små alter som dei ofrar til,
i håp om at lykka skal stå dei bi.


Og så måtte eg jo ta med eit par blomsterbilder,
for det er så utrulge mykje vakre plantar her!


Eg avslutta mi vesle vandring i dag
på restauranten i nabohuset her.
I dag var det green curry som vart middag, 
og eg kan fastslå at det ikkje er noko for sarte sjeler ;)


Så langt har eg hatt det heilt strålande,
i morgon blir fyrste vanlege dag på jobb, 
og då får vi vite litt meir om kva vi skal gjere.
Og onsdag skal eg flytte til eit lite hus
der eg etter planen skal bu resten av tida her.
Eg anar ikkje korleis det blir med nett der, 
men eg satsar på at eg får blogga litt uansett :)

ikkje lett å ta bilde av seg sjølv...
Eg har det iallefall bra og nyter varmen! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar