lørdag 16. juni 2012

Stolt tante på tur

Sersjant Fure

I går var eg på avslutningsseremoni for befalskulen på Sessvollmoen.
Min nevø nr. 2, Kristoffer, har fullført MP-befal utdanninga og skal no ut i pliktår.
Eg er stolt av han - og aldri så lite kry av å bli invitert!
Slikt er stas!
I tillegg fekk eg sjå vitnemålet, 
og vart imponert! :)

Så her er nokre bilder frå gårsdagen :)


(eg satt altfor langt unna,
uten blitz til at det kunne bli bra bilder frå seremonien.. 
men eg tok no eit par med likevel..)

Jeei! Tre vinklar!! :)
(no manglar berre stjernene ;) )

Litt småfornøgd liksom :)

Flagget er feil vei for oss slik at soldaten ser det rett vei
og kjem på kva han kjemper for.

Besteforeldre og storebror

Stolt mamma

Minst like stolt pappa
som er opptatt av mobiltelefonen..

lissjebror :)

Eg lika froskeperspektiv! :)

Kan dei vere i famile tru? ;)




MP-befala uteksaminert vår 2012 :)

Siste oppstilling på Sessvollmoen!

Så fikk han medalje..

Er det rart eg er stolt tante,
når tre av dei eg er tante til er desse karane? :)

En starbuckskaffe blei det tid til før avreise.. 


Og rett etter festlighetene var det berre å skunde seg til Gardermoen, 
få sjekka inn bagasjen og sette nasa fyrst mot Frankfurt,
der eg fekk ein smidig overgang til flyet til Bangkok.


Mykje kan seiast om reisa, 
men eg trur eg i kveld skal nøye meg med å oppsummere det slik:
Det var ein lang og trang flytur,
med rimelig dårleg service frå Lufthansa,
 dei er i allefall langt frå: "there's no better way to fly"!
Men dei skal plusspoeng for den beste glutenfrie maten eg har fått på fly!



Dette er strømnettet....

Vel framme gjorde litt misforståelser at eg og sjømannskirkeduden stod på kvar vår plass,
men til slutt fann vi kvarandre og han likte å køyre fort, så plutselig var vi i Pattaya.
Her skal eg bu på hotell fram til onsdag, 
då skal eg overta ei leilighet frå ein som har vore her ei periode.



I kveld var vi ute med dei som jobber her, 
både dei som reiser på ferie og dei som skal vere her i sommar. (av oss som er komt)
Det var ein herlig kveld, med ein god tone og masse latter.
Eg trur dette fort kan gå inn i historien som ein særdeles bra sommarferie! :)

Utsikt frå hotellrommet by night :)


1 kommentar:

  1. Sersjant Fure har ein diggbar hårsveis :)
    Elles gratulerer med medalje til han.
    Og eg vonar du Liv Helga får ein innhaldsrik sommar :)

    SvarSlett