søndag 3. juni 2012

Kari skal gifte seg!


Kari skal gifte seg.
Helga før eg kjem heim frå Thailand.
Og då vart det endå viktigare for meg å få med meg utdrikkingslaget.

For ti år sidan hadde det sikkert vore tjo og hei,
og masse "ut på torgallmenningen og gjere flaue ting".
Men vi har vorte vaksne på enkelte områder,
og valgte heller å gjere noko kjekt saman 
og feire den flotte venninna som Kari er.


Men nokre ting er jo tradisjon,
ho vart plutselig henta 
av Laila, Venke og meg.



Og litt Cava er det viktig å starte dagen med
og epler er jo alltid sunt ;)


Det må jo vise at det er ei vordande brud som er på ferde 
- så litt lett ukledning måtte til..


Fyrste fellespost på programmet var curling.
Det var overraskande krevande, men utruleg gøy!!:)

Bruda i aksjon

Bare for å skryte: 2 av tre steinar i boet er det mitt verk!:D
Kost, kost, KOOOOOST!

Ei fornøgd brud :)

Neste post var lunsj.
sidan det var litt kaldt, blei det hos Venke.



Eileen hadde fiksa gode kyllingwraps til gjengen. 
Og stemninga var god :)


Etter lunsj sende vi Kari på spa, 
medan vi andre gjorde klart til ein tre-retters middag.



 Forrett: Gazpacho



Hovedrett:
Ovnsteikt indrefilet av storfe, båtpoteter, soppstuing, gulrot og rødvin/whiskey-saus.
Biffen var mør og rosa, og soppstuingen kom rett frå himmelen..
Det var steikjande godt om eg skal seie det sjølv.. 


Dessert:
Jordbær med sjokolade og marscarpone.
Dét var godt det!


Sidan Kari alltid har vore ein reser på leikar i godt lag,
så hadde vi planlagt litt sånt.
Men det vart med "lapp i panna",
 som kanskje var den som vart hyppigs leika.


Og det er merkelig kor vanskelig det kan vere å finne ut kva som står på lappen,
ein skal ha litt flaks med spørsmåla ein stiller..
Men: Kari er ein mester på å gje hint som hjelper deg godt på veg.. :)


Og så måtte vi jo ha nokre gaver,
der Kari skulle gjette kven det var frå.
Gavene skulle symbolisere noko som er typisk for Kari
og/eller forholdet ho har til gavegivaren.
Etter at alle gavene var åpna er det ingen tvil om at
Kari er ei fantastisk venninne å ha,
ho er lojal, hjelpsom, ærlig, litt distrè og trufast.
Ja, og så er ho utruleg vakker! :)


Og nokre av oss greidde ikkje å komme oss heim, så vi vart til frokost..


Alt tilseier at den kommande bruda hadde ein fin dag
i lag med oss
og var storfornøgd med oppslutninga.
Og vi andre er veldig glad for å ha fått vore i lag med Kari denne dagen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar