Finaste Marit og Solveig! :) |
I dag har vi hatt ein lang dag i kyrkja.
Men ein veldig kjekk dag og!
Med andakt, laurdagsgraut og St.Hansfeiring.
Det er fyrste gongen eg har feira St.Hans sidan barndommen
trur eg.
Og sjølvsagt hadde vi bål :)
Og så fekk eg stifte bekjentskap med Pastor Olsen,
smartaste bikkja i gata.
Husmor og kjøkengjengen grilla deilig mat
til oss.
Lettare røyklegging av området førte til at brannalarmen
på kjøkenet gjekk,
men litt action må ein jo ha!
(Verken folk eller mat kom jo til skade!)
105 små og store kom innom dørene i kveld.
Eg syns det vart ein veldig kjekk kveld,
med både trekkspelmusikk,
sang, quiz, andakt, god mat og godt selskap.
Visste du forresten at St.Hans er til minne
om døyparen Johannes?
Til og med månen kika ned på oss :)
Etter vi var ferdige i kyrkja
reiste Marit, Arne, Solveig og eg
inn til Pattaya og sette oss på ein takrestaurant
på kjøpesenteret Royal Garden.
Her vart endå ein god dag i Thailand
avslutta med ein
vanilje-is-shake.
I morgon
skal vi ut på tur,
etter at vi er ferdige i kyrkja.
Då blir det ein heil dag
pluss litt til
med strandliv :)
Det gledar eg meg til!
Til alle heime i Norge
(og forsåvidt i resten av verda):
GOD ST.HANS-FEIRING! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar