tirsdag 19. juni 2012

Dei store og dei små tinga

Allereie då eg pakka til denne reisa
vart eg klar over kor heldig eg er.
Eg stod og såg på solbrillene mine 
og det største problemet i verda var kva par eg skulle ta med meg.


Nokre timar seinare møtte eg eit menneske 
som visste at eg skulle til Thailand
og som ga meg ein lapp og sa:
"Dersom du møter nokon som veit noko om denne kvinna,
vær så snill å be dei ta kontakt med meg.
Det er mor mi."

BANG! Solbriller vart ikkje akkurat vesentlig lenger.

Det er mange slike historier som har dukka opp
når eg har vore i samtaler med folk om kva eg skal i sommar.
Mange historier om dei som reiste hit
og som aldri kom heim igjen.


Nokre fordi at dei fann paradis her,
andre fordi dei røymer frå problema heime
og trur dei vil løyse seg her.
Det er mange historier, 
om smerte og svik, 
om problem som berre veks og veks..

Sjømannskyrkja er god å ha for mange i utlandet,
også her i Pattaya
Eg er heldig som får lov å vere her i sommar!

I dag har eg lært så mykje
at eg ikkje kan skrive om alt.
Eg har vore med på sjukebesøk 
og lært;
om norsk helsepolitikk,
om thailandsk helsevesen,
om kva det betyr at nokon bryr seg, 
og korleis livet sine gleder og sorger kan møtast 
på dei underlegste måtar.
Og om kor annerleis ein kan tenke i andre kulturar.


Eg har lært kor verdig vi behandlar dei døde
i forhold til korleis dei behandlar dei her.
Når nokon er død, då er det berre ein død ting.
Her er det ikkje noko verdig med døden,
det er berre noko som skjer og ferdig med det.

Det er noko vi nordmenn blir heilt satt ut av.
Og eg har lært at når ein kremerer i buddhisttempelet 
så tek ein normalt berre vare på beina
og oppbevarer dei.
Det gjer inntrykk å høyre om slike praksisar.
Om ting som er så fjernt frå korleis eg er van med at ting gjerast.

Du skal vere vaken når du er fotgjengar her!

Sjøv om folka her er vedens mest hjelpsomme og hyggelige folk, 
og du kjem lang med eit smil, 
så er det likevel eit land der du må passe deg sjølv, 
for ingen andre gjer det.
Det gjeld enten om du har reiseforsikring 
som betalar medisinsk hjelp når du treng det, 
eller om du kryssar gata.

Eg har nok av materiell rikdom!

Livet har vorte større etter berre eit par dagar her,
eg har blitt klar over kor skammeleg rik eg er
både på gods og gull
og på nære, gode relasjonar.
Eg har allereie fått sjå kor små marginar som skal til 
for å havne ein plass ein ikkje ynskjer å vere.

mamma ga meg denne
så eg ikkje skulle gløyme vegen heimatt <3

Og eg er så uendeleg takknemlig for alt eg har fått
og alt eg veit eg har.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar