onsdag 20. juni 2012

Fridag - eller? ;)

I dag har eg hatt fridag frå kyrkja.
Eg skulle flytte, 
så då var det enklast slik.
Men eg greidde ikkje å halde meg vekke.
Etter å ha gått ein lang tur, 
snakka med skredder
og fått litt vel masse sol på skrotten
gjekk eg til kyrkja på kvardagsmesse.
Og det gjekk ikkje bedre til enn at eg vart med på 
tur til barneheimen og.
Dét er eg glad for!! :)


Det var heilt fantastisk å få møte
alle desse små, fantastiske menneska.
Eg forelska meg heilt!!


Etterpå bar det heimatt ein liten tur.
Det er ikkje så ille å komme heim til 30 grader kl.18 ;)


Her skal eg altså bu dei neste vekene,
i eit lite hus med kjøkken, stue og bad i fyrste etasje.
To soverom, og bad i andre.
I tillegg er det terrasse utanfor soveromma,
takterrasse og platting utanfor stua.
Basseng er her og.
Men eg trur eg må ta nokre bilder på dagtid...



Og så hadde Arne Prest og Solveig invitert meg med på
ein liten shoppingtur.
Så vi var på outlet og mall,
og så fann eg nokre fruktboder...


Og sjølvsagt fann eg meg nokre par med nye sko...
(eg kjøpte nokre slike flip-floppar i USA, 
men berre eitt par, 
og eg eeeeeeeeelskar dei.
Så når eg no fann same sorten, 
var eg ikkje vond å be.)


No skal eg kose meg med litt frukt
før eg legg meg :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar