lørdag 9. juni 2012

Ein veldig lang dag...

Eg skal i bryllaup i morgon. 
Så i dag forlot eg Bergen i strålande sol, 
og vende nasa mot det flate austlandet.

Sidan det var streik, 
ringde eg Avinor og spurde kva tid eg måtte vere på Flesland.
Så fort som mulig var svaret..
Men eg hadde heimekontor fram til litt over lunsj, 
før eg sette meg på flybussen.

Det tok riktig nok ei god stund å komme seg gjennom sikkerhetskontrollen,
men eg vart no sittande på flyplassen i 2 timar og gnure.
(men eg hadde med mac-en, så eg fekk slått i hel tida med litt arbeid)

Utsikt frå golvet på Flesland

Problemet var vel helst at halve Bergen hadde fått same beskjed som meg, 
og det var ikkje ein sitteplass å oppdrive. 
Men golvet går jo og an å sitte på.
I tillegg fann iPoden min ut at den ikkje ville fungere lenger, 
og mobilen tenkte at det var ein trend som han ville henge seg på.

Då var det godt å komme til Gardermoen og få seg ein Mocha Frappuchino!


Og så skulle eg hente leigebil,
eg hadde bestillt den billigste  dei hadde nokon plass.
Men den hadde dei leigd ut til nokon andre, 
så eg vart oppgradert. :)
(at eg ikkje hadde lest det som stod med lita skrift 
om at dei tok ein reservasjon på kortet mitt, 
slik at dei nærmast tømde kontoen skapte 
tilløp til panikk - men det ordna seg heldigvis!)


Så no har eg cruisa Gardermoen - Sørumsand - Nannestad
i ein raud bil. 
Eg tenker det var god underhaldning for dei som 
såg på denne raude bilen som køyrde fram og tilbake
i håp om å finne hotellet.
Det er jammen ikkje lett å finne vegen for eit gudsord frå landet,
når det ikkje eksisterar fjell eller hav å orientere seg etter, 
og du ikkje finn skilt som samsvarar med det du har lese på nettet.
Og då eg skulle vidare til grillpartyet, 
så gjekk det rimelig mange kilometer ute på E6 før eg møtte eit skilt som
fortalde meg at eg var på rett veg eller om eg hadde sett kursen mot Trondheim. 
(sjølvsagt var det fleire som fortalde at eg var på E6, 
men det visste eg jo!!)

Eg likte denne stolen
digg med fint hotellrom!

Etter grillpartyet fann eg vegen tilbake til hotellet, 
og det skal bli godt å synke ned i senga,
etter ein dag med mykje venting og leiting...
Og i morgon skal eg få sjå 
Kari Anne og Terje 
seie sitt ja til kvarandre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar