mandag 30. april 2012

Superwoman - eller kanskje ikkje..

Eg likar helst å tenke at eg kan greie alt. 
At eg er superwoman.
Men no har jenta hatt eit møte med noko som heiter
sjølvinnsikt.
Slikt får konsekvensar....


Eg lever etter regelen at ingenting er umulig
til det motsette er bevist!
Så det siste året har eg jobba litt meir enn 100%,
studert ca. 100% (litt over før jul)
og prøvd å ha eit visst sosialt liv.
Pose og sekk kallar ein slikt.

Eg har alltid vore litt turbo.
Eg har alltid likt når det går litt fort i svingane.
Men sjølv Superwoman har si begrensning...

Superwoman?

Av og til må ein stoppe opp.
I allefall når kroppen ikkje vil meir.
I påska slo ryggen seg vrang.
Så slo allergimedisinane inn
og eg blei så trøtt...
Å lese til eksamen blei mindre
og mindre lystbetont.
(ikkje at det er spesielt lystbetont med eksamen,
men eg har liksom kosa meg med faget heile vegen)

I helga kom sola,
men eg låg bak lukka gardiner
med et av mine sjeldne migreneanfall.
Tida var komen for å 
vurdere kva som var viktig i livet.

Eg trur på framtid og håp, på nye sjansar og å leve livet no!

Så eg bestemte meg:
No skal eg leve livet mitt, 
ikkje berre la det svi forbi med masse ting eg MÅ gjere.
Eg skal nyte våren, 
senke skuldrane og berre vere til.

I dag meldte eg meg av eksamen.
Eg gjekk tidleg frå kontoret.
Gjekk på kaffemisjonen,
kjøpte meg kaffe og sette meg
på ei trapp i sola
og las i ei bok som ikkje inneheld eit snev 
av anna enn pur underhaldning.

eksamen kan eg ta igjen,
no skal livet nytast! :)

2 kommentarer:

  1. Oj ... Det ska litt te for å gje studiane på båten. Men når kroppen seier frå, e d best å høyre på. Eller so vil man gå "halvvegs" gjøna livet. God VÅR/SOMMAR :D

    SvarSlett
  2. Når ein berre studerer på gøy, så er det kanskje litt lettare å kutte studiene enn dersom ein er avhengig av dei for å få ein jobb ;) God vår og sommar til deg og! :D

    SvarSlett