onsdag 2. mai 2012

Tell gledene!

Glede 1: Å vakne til ein ny dag


Glede 2: Å gå ut i ein dag med solskinn og blå himmel
Glede 3: Å sjå trea bli grønare for kvar gang du kikar ut vinduet
Glede 4: Å drikke ein god kopp med kaffe


Glede 5: Å høyre ei morsom historie
Glede 6: Å få kake til lunsj :D
Glede 7: Å få ros for arbeidet eg har gjort
Glede 8: Å sjå ein unge smile strålande til meg
Glede 9: Å gå tidleg frå jobb for å nyte sola
Glede 10: Å gå ein tur i fjellvegen før middag


Glede 11: Å finne blomster i vegkanten :)
Glede 12: Å møte ei dame som høyrer på 
så glad musikk når ho joggar at ho smiler og dansar bortover vegen
Glede 13: Å ha iPoden på random, 
og plutselig få ein skikkelig gladsang inn i øyrene, 
slik at eg ikkje kan la være å smile!


Glede 14: Å plutselig sjå ein benk som er så dårleg plassert 
at eg berre må ta bilde og legge ut på facebook, 
mens eg flirar for meg sjølv..
Glede 15: Å bli røska i på veg inn på butikken av ein venn 
som eg ikkje har sett på lenge, 
og så få slå av ein prat etter gammalt :)
Glede 16: Å slappe av med bok 
medan eg ventar på at middagen skal bli klar, 
utan å ha dårleg samvit for at det ikkje er pensum ;)
Glede 17: Å ete ein god middag og berre slappe av.


Glede 18: Å vere litt rosa etter gårsdagen sine timar i sola :)
Glede 19: At det er onsdag i dag, ikkje mandag! :)

Og tenk: 
Det var berre nokre av dagen sine mange lyspunkt.
Livet er jammen noko ein må hugse å glede seg over! :)

1 kommentar:

  1. Kanskje det er ein spesial-laga benk, for folk med lang rygg?
    Det e sant at vi har mykje å glede oss over :) I dag vart eg veldig glad når ein russ på sykkel vinka meg forbi seg, når bana var klar å passere før ein sving :) Eg likar høfleg ungdom :D

    SvarSlett