lørdag 26. mai 2012

Liv-lykkelig-Helga


I dag har det vore ein deilig dag.
Himmelen har vore skyfri
sola har varma
og eg tok med meg ein badehandduk, 
lydbok og ei flaske vatten,
og gjekk ut på festninga.


Så la eg meg ned i graset,
lukka augene og trakk til meg alle 
d-vitaminane som kom min veg.


Eg er ei enkel sjel,
slike dagar er livet berre godt!
Eg lurer litt på om eg er som eit solcellepanel,
som ladar opp når sola får skine på meg.
Eg føler meg i allefall full av energi,
glad og ja, rett og slett, lykkelig.
Og så er eg ekstra varm på ryggen, 
der hendene ikkje rakk,
så eg slepp å sove med dyne i natt og ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar