lørdag 26. mai 2012

Jazznatt


I dag har eg gjort noko eg egentlig ikkje burde.
Eg har vore på Nattjazz.
Eg burde ikkje, fordi eg burde disponere pengane mine annerleis.
Men - når eg får 2 store konsertar, 
som kvar for seg ville kosta meir enn billetten til nattjazzen
- då vart freistinga for stor..


Så litt over sju var eg på plass foran hovudscena, Kaien,
der Obamas favorittartist (etter sigende)
entra scena i ny smoking.
Esperanza Spalding skuffa ikkje.


Nokon har berre fått alt:
talent, utseende og humor.
Det er så imponerande å sjå korleis denne vesle jenta, 
med verdens kulaste hår, 
handterar bassane og ledar bandet
og publikum.
Og så syng ho så sjukt bra i tillegg!



Eg hadde veldig hyggelig selskap i min jazzlege utskeielse
av Ingelin og Elisabeth Mari :)



Etter ein liten matpause på MacDonald 
bar det tilbake til konsert nr. 2
Bugge & Friends.


Det var berre deilig.
Ein heilt annen type konsert, 
med drivande rytmer 
som gjorde det umulig å stå stille.


Og her også:
fenomenalt dyktige musikere!


Eg trur det er 4. konserten eg er på med Bugge,
men eg har aldri før høyrt han med dette konseptet.
Det var absolutt ein opptur! :)





Etterpå tusla vi oss ein liten tur i byn og såg på livet...
Og sjekka ut arkitekturen som pregar nattjazzområdet..



Små barn - store gleder.
Større barn - større gleder.





Ingelin ser noko med potensiale for å klatre i..



.. og det er viktig å teste ut stabiliteten..


Det har rett og slett vore ein veldig deilig start på helga! :)
GOD PINSE TIL ALLE!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar