I kveld hadde Seraf sin siste opptreden.
Vi sang på møte på Kleppe bedehus på Askøy.
I 9 år har kvar torsdag (stort sett)
gått til å øve med denne herlege gjengen.
Det har vore nokre som har slutta,
og andre som har komt til i løpet av åra,
og nokon av oss har holdt ut heile vegen.
Vi skal heldigvis møtes igjen på torsdag til sommaravslutning.
Og til hausten for ei skikkelig avslutning på 9 fine år.
Det er vemodig at det er over,
men alt har si tid.
Inge Johannes og Thor Øyvind var bandet i dag, flinke folk! :) |
Eg lurer berre på kva eg skal fylle torsdagskveldane til hausten med..
Og korleis livet før jul blir uten julekonsert...
Men i dag var det i allefall kjekt.
Og om eg skal seie det sjøl,
så syns eg vi er utruleg flinke!
Og folka på Kleppe tok godt vare på oss,
mor og far til Torgeir spanderte pizza på gjengen
og er det noko Serafar veit å sette pris på så er det god mat! :)
Og sjølv om dette var siste gangen vi skulle synge sammen som Seraf,
så var stemninga likevel god.
Vi kosa oss med vår siste opptreden,
og det virka for at publikum var godt fornøgd også.
Så eg lar dei fine gutane våre(med Thor Øyvind som gjest)
avslutte med ein liten videosnutt frå øvinga i dag:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar