torsdag 10. mai 2012

Barneskirenn

Eg låg i senga og fekk ikkje sove i natt. Og då blir det ofte slik at ein ligg og grublar på ting...
Og i natt grubla eg på noko eg høyrde på radio ein dag.


Det var ein som brukte "barneskirenn" som metafor for noko som var enkelt.
Eg har høyrt det før, så eg forstod kva han meinte, men for meg er det ein litt uforståeleg metafor.

Eg har nemleg stor respekt for barneskirenn.
Som barn gjekk eg runde på runde på marka heime så snart det var snø. Målet var å få skimerket. Eg hugsar at eg hadde eit lite hefte som eg skreiv inn kva dag eg gjekk og kor langt det var. Eg trakka rundt og rundt på blå treski med god, gammaldags skibinding. Skismørning hadde eg ikkje høyrt om ein gong. Eg har skimerka eg tok både i bronse, sølv og gull enno. Kor langt eg fekk gått handla om kor mykje snø det var den vinteren.
Men noko barneskirenn var eg aldri med på.

Her er garden eg trakka rundt og runt med ski på beina.
Dette var mi einaste ski-erfaring fram til 9.klasse. (eller det som no er 10.klasse)
Då skulle vi nemleg på leirskule i Jotunheimen.
Det var stort å gå på postkontoret saman med pappa og ta ut konfirmasjonspengar frå kontoen min slik at eg kunne kjøpe meg ski. Smørefrie ski og grøne stavar. NO skulle eg lære å gå på ski!

Marka heime hadde ikkje mykje motbakkar, og heller ikkje dei store nedoverbakkane, naturleg nok.
Så å svinge i nedoverbakke var ei utfordring. Som i så mykje anna fysisk aktivitet tok eg igjen med engasjement det eg mangla i talent. Og etter å ha skremt leirskulelærarar med manglande respekt for naturkreftene(tyngdekrafta) og utfordra meg sjølv både fysisk og psykisk i ei veke enda eg opp med diplom:



Eg kan vel seie at på eit vis lærte eg å svinge i fart. Å seie at eg vart god på det vil vere å overdrive.
Så året etter, då eg gjekk på folkehøgskule, prøvde eg slalom.
På tur med heile skulen til Strandafjellet i strålande sol skulle dette testast ut.
Eg hadde nokre som viste meg korleis eg skulle gjere dette med svinging, og i min lånte skidress og med leigde ski eigde eg barnebakken til den stengde.. (eller eg var borna sin store skrekk!)

Det var framleis timar igjen før vi skulle reise tilbake til skulen, så eg våga meg opp i det store trekket.

Den fyrste svingen gjekk fint.
Den andre ikkje fullt så fint.
Og ingen hadde fortalt meg at du ikkje kan sette deg ned med slalomsstøvlar på beina.

Eg slapp opp i bakken igjen, med trøst-truande ord frå heisoperatøren:
"Til vanleg slepp ikkje folk oppatt i trekket etter slike stunt. Men eg har stått og sett på deg i barnebakken i heile formiddag, så du skal få ein sjanse til.. Greier du det ikkje no, slepp du ikkje oppatt!"

Neste tur tok 45 minutt.
Turen deretter  tok 20.
Dei andre tok den på 2...

Etter har mi skikarriere begrensa seg til å lage kulekøyring i bakkane for dei andre i lysløypa på toppen av Åsen på Sandane.
Eg har ikkje hatt ski på beina på over 15 år.
Det er ikkje at eg ikkje vil - det er berre ingen som har hatt tolmodighet til å lære meg det.
Og no veit eg ikkje heilt kor skia mine er ein gong..

eg trur skia mine er i garasjen bak det raude bygget..

Så eg har veldig stor respekt for barneskirenn. Eg trur eg hadde vore sjanselaus i møte med desse småtassane når dei får ski på beina. For meg er det ingenting enkelt ved det.

Som sagt: Det er mykje ein grublar på når ein ikkje får sove. Og det er nesten litt urovekkande at eg ligg og grublar over dette med barenskirenn no når vi nærmar oss midten av mai...


2 kommentarer:

  1. Herleg, Liv Helga!

    Eg veit at du også har hatt ski på beina endå ein gong. Trur det var i 3. eller 4. klasse på Rota. Har foto frå den turen, ein eller annan plass....

    ;)

    Klem frå Liv

    SvarSlett
  2. He,he, det har eg i såfall fortrengt. Eg har vage minner om turar til Rota, men eg har ein mistanke om at ingen våga å la meg ha ski på beina.. ;) klem tilbake

    SvarSlett