lørdag 19. mai 2012

Supertante!

"Sjå tante, han e sånn som meg- uten fortann!"

Denne helga er mi herlege, nest minste, niese på besøk.
Besteforeldrene har hatt som tradisjon at alle barnebarna
får vere med til Bergen for å kjøpe skulesekk før dei starta i 1.klasse.
Og no var det Lillian sin tur.


Alle som kjenner meg veit at det finnes ikkje 
viktigare menneske i livet mitt enn familia mi.
Og eg arbeider hardt for å tilegne meg tittelen
"Supertante"
Eg trur som oftast at eg lykkast ;)


Så i dag har vi vore på shopping
og nye sko og kle vart erverva saman
med mormor.
Men så tok tante tulla med på tur åleine..
til leikebutikken!
Då vart det Hello Kitty-puslespel på jenta



Eg var alltid veldig glad i Nabbi då eg var liten
og gleda var derfor stor då tante oppdaga at fleire likar det...


Små barn og store barn - store gleder! :)


 Og så må ein jo passe på at sukkerinntaket er høgt nok....


For å toppe dagen sine hendingar
fann tante fram eit spel som ho spelte i sin barndom..


MIKADO!


 Og det gjekk som det måtte:
Total utklassing

Lillian (grovt telt 40) - tante (ca13)
Kan vel seie at det har vore ein kjekk dag for både liten og stor.
No søv tuppa godt,
og det gjer snart tanta også!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar