torsdag 24. mai 2012

Varmt, vakkert og vidundelig

I Bergen er det enkelt og greit slik
at når det blir fint vêr så går alle mann ut.
Ein klagar aldri på varme eller sol,
ein berre nyt det.


Og har det vore sol i meir enn ein dag, 
så er dei siste 14 månedane med regn gløymde.
Då er Bergen verdens vakraste by,
livet er vidundelig!


I dag har vore ein slik dag.
Eg har jo verdens beste jobb.
for ikkje å snakke om verdens beste kollegaer.
Og i dag hadde vi sommarlunsj hos biskopen og hans frue.

Slik ser ein fotograferande biskop ut :)
 Sommarlunsjen gledar alle seg til
og når det i tillegg blir så fint ver, 
så er alt berre fryd og gammen.

Og slik ser ein boccia-spelande biskop ut :)
 Maten var nydeleg, 
selskapet herleg
og eg var så mett at eg kunne trilla til byn etterpå.
Eg er så takknemlig for å få lov å jobbe sammen 
med så mange flotte folk!! :)


Vel tilbake i byn, tusla eg gjennom byn
og forberedte meg til siste Seraføving,
og trekte til meg sol og d-vitaminar i mengder.


Gutta boys fikser notestativ...
I dag hadde vi med oss Inge Johannes, 
som skal spele til oss på mandag.
eit herlig provisoriks, men fuksjonelt eit :)

Mandag syng altså Seraf for siste gang som Seraf
på møte på Kleppe Bedehus på Askøy kl.19.30.
Det blir både kjekt og vemodig.


Og på veg heim, 
fekk eg den deiligste solnedgangen..
Bergen er virkelig vakker og vidunderlig
når sola skin!


Og vel heime kan eg konstantere at eg må vere meir nøyaktig
når eg smører på solkrem i morgon..
Jaja, eg har no fått skille ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar