onsdag 11. april 2012

hell og uhell..


I går forlot eg bønder og bondeland til fordel for byen.
Men berre for ein dag og ei natt.
Og mykje kan skje på den tid..
Fyrst - egentlig på mandag kveld - begynte ryggen å streike.
Den har liksom ikkje gitt seg med det.
Og for å trøstespise litt laga eg meg litt popcorn..
Og plutselig forsvant ei halv tann.. (det føles i jallefall slik.)
Eg har ein mistanke om at dette fort blir dyrt..

Fure spesial sutreleppe!
Så eg fann ut at det var like greit å forlate byen igjen.
Denne gongen gjekk turen tilbake til trivselsfylket, 
men litt lenger sør.
Sidan eg hadde så inderlig flaks i går, 
så fann eg ut at det var best å vere mest mulig lovlydig når eg køyrde nordover.

Fint å køyre mot Åsane tidleg på morgonen :)
Og i dag lønte det seg å vere snill jente!
Ein som låg bak meg, og blei lei av å halde fartsgrensa,
svei forbi meg i 80 sona.
Det var ikkje lenger enn rundt neste sving så såg eg at han stod på 
busslomma sammen med ein mann med refleksvest.
Eg berre smilte til onkel og køyrde fint forbi.
Og det var fleire fartskontrollar på vegane eg ferdast i dag, 
utenom eit utal med fotoboksar, 
så eg valgte tydeligvis rett dag å køyre fint på.


Og no har eg komt fram til Sogndal.
Eg hadde egentlig tenkt å gå meg ein lag tur 
for å sjå kva Sogndal har å by på. 
Men ryggen ville ikkje, 
og Vår Herre var tydeligvis enig,
for han hadde storreingjering her!



Så eg gjekk ein kort tur, 
og sjekka ut restauranten på hotellet.
No trur eg jammen eg skal teste ut om ei lita stund
i varmt vatten kan gjere susen for ryggen.


Enten ein har gode eller dårlege dagar
så er det alltid noko å glede seg over.
Så sjølv om kroppen fell frå kvarandre og går i lås, 
så kan eg glede meg over at eg fann ei heil lita eng med blå blomster!


Ha ein strålande kveld! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar