mandag 16. april 2012

Fine Helga

Når livet går ein i mot, 
gjeld det å finne lyspunkta
og i helga var dei ikkje vanskelege å finne.

Eg fekk blomst med mammaen min :)

Først ei lita oppsummering av alt som gjekk gale forrige veke:
Ryggen slo seg altså vrang forrige mandag,
og er framleis ikkje heilt samarbeidsvillig.
Fredag kom tidenes haglbyge då eg var på veg til tannlegen
for å reparere tanna som hadde fått seg ein smell på tirsdag.
Det såg ut som om dommedag var nær.


Men etter tannlegen hadde fått sin del av lønna mi
starta oppturen.
Fredag kveld kom Venke, og vi haddde jentekveld.
Ost, kjeks og Balholm, the voice, bryllupspreik og anna jentepreiking
er ein fin start på helga.
Mamma og pappa kom også til byn seint fredag kveld.


Laurdag hadde eg invitert til biffmiddag.
Så eg tusla rundt, laga litt mat og pynta bord og kosa meg.


Etterkvart kom gjestane og.
Forrett var Gazpacho, ein type kald tomatsuppe.
Eg hadde aldri smakt det før, men eg syns det var kjempedigg! :)


Som hovedrett vart det sjølvsagt heilsteikt indrefilet av storfe. 
Smakte ganske ok det også :)


Til dessert var det sjokoladefondant med bringebær, blåbær og vaniljekesam.
Det funka rimelig bra :)


Så fine rosene eg fekk med fine jentene! <3

Eg har fått meg cognac-glass - og dei måtte innviast. :)

enten var det surt - eller så var det godt.. 

I går tilbrakte eg mesteparten av dagen på sofaen hos mamma og pappa.
Når ein ikkje er heilt i form er det ingenting som er så godt som 
å bli dulla med av mamma.
Så det vart ein treretters middag på meg då og :)
Eg kan vel trygt seie at det har vore meir gleder enn sorger denne helga. :)

Gårsdagen si utsikt frå sofaen i 5.etasje


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar