mandag 23. april 2012

Dejlig i Denmark


Før fuglane pissa på fredag
stod eg opp og sette nasa mot København.
Saman med 3 småbarnsmødre,
der to er rimelig gifteklare.
Vi reiste på morgonen (flyet gikk kl.06)
og på kvelden kom Bente etter,
og plutselig var vi 5 venninner på tur.


Det vart ei veldig trivelig helg.
Med masse god mat og litt for masse shopping ;)


Dei sparar ikkje på verken ost eller noko anna i Danmark ;)


Endelig var Bente på plass! :)

Hilde :)

Venke :)

Kari :)

Obligatorisk!

Gikk meg på eit hylekor med beliebers som aksjonerte for å få
Justin Bieber til Danmark..

Det er sansynligvis meir syklar enn bilar i København.
Og eg trur eg såg kun ein sykkel med gir!
Eg gjekk heim og slappa litt av på laurdagsettermiddagen
og kosa meg der eg rusla avgårde..

Hotellet vårt

Og kosa meg på hotellrommet :)

Når 5 jenter er på tur er det nokre ting som berre må til:

God drikke og jordbær = kos :)

Neglelakk og sminke :)

Pynte seg til bytur :)

Fine jentene i Nyhavn :)

Var der eg og! :) 

DETTE ER BIFFEN SIN DET!!
(eg nesten sleika tallerkenen!)

Dei vordande brudene (og småbarnsmødrene) :)

tobarnsmora :)

ho som har mann, hus, bil og båt :)


"Det var så kald trekk.."



Nyhavn by night :)

Søndag hadde vi også heile dagen i byen.
Vi bestemte oss for å gå på Tivoli.
Så på mitt tredje besøk i København greidde eg endeleg å komme meg dit! :)

God stemning på tur :) 

Svaner slik eg likar dei best ;)


Eg lot meg fasinere over kor godt byen var tilrettelagt for syklistar.
Der har vi noko å lære.. men sykkel er kanskje kjekkare når
det er heilt flatt?



Og så kom spelegalskapen fram:



Hilde vant 1.gang

Venke vant 2. gang

Hilde vant 3.gang!:)

Og så gjekk vi og åt sushi! :)

Borte! :)

Vi leika ikkje wasabi! ;)

Hilde og Kari tok berg og dalbane.
Ryggen min ville ikkje.. :-/


Etterpå var vi litt slitne og måtte lade opp før ny shoppingrunde på Kastrup..


På Kastrup var eg både kald, trøtt og sliten, 
så eg fann meg ein Starbucks, 
fann fram boka og sette meg og naut livet :)


Takk for en dejlig tur, 
fine jentene! :)


1 kommentar:

  1. Takk for turen, Liv Helga! Og takk til dåke tre andre jentene også! Go klem fra Hilde

    SvarSlett