tirsdag 3. april 2012

Det late Liv


Å vere heime på Stadt er ferie. 
Dagane går til å sove, ete, tenke på at eg burde lest meir psykologi,
sjå tv, "plage" tanteungar og spele spel.

Ein av 9 pusar (trur eg at eg kom til..) Du kan få ein
om du vil ha ein! (du må bare fange den fyrst)

I dag har sola vore framme,
så då eg kom ut til garden var både det eine og det andre dyret
ute og lufta seg :)

Dennis :)


Inne vart det kaffe, kake og yatzy med yngste blad Prestvik.
Pedagogtanta lot jenta på 5 (snart 6) år skrive og rekne.
Og sat igjen ganske så imponert over kor smart ungen faktisk er! 
Ho må rett og slett være lik tanta si ;)


Og tanta tapte sjølvsagt...
Men det blir sikkert fleire sjansar til revansje ;)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar