mandag 2. april 2012

Påskeferie med regnjakke og joggesko...

Då eg reiste frå Bergen var det forholdsvis mildt - og det regna..
Så eg oversåg vintersko og varm jakke.
Det var ikkje det luraste eg har gjort.
Fyrst var det snø som såg ut til å gå over.. Det regna i allefall vekk ein del..
To av mine søte små tantebarn har laga
påskeharesnømann som nesten smelta vekk..

Men, det kom ei ny doning etter kvart .. og det går jo ikkje an å grave seg ned i 2 cm med snø og late som om ein er i dvale, så eg tok meg ein tur til Fjordly, til tross for mangelfull bekledning.Der var det tenleir og full fart..


Jammen var det ein påskehare der og

Heimatt tok det litt lenger tid, sidan kong Vinter hadde funne ut at han skulle legge til litt på dei 5 cm som han hadde lagt litt tidligare på kvelden. Så det vart eit litt meir spennande prosjekt, for kor gjekk veien i all snøkaven?


Ikkje så lett å tyde skilta heller...




I dag tidleg var det ganske ok igjen, men plutselig begynte det å snø og vips- i løpet av 10 minutt..





Eg syns ikkje det er noko stas med snø og kulde. Eg vil ha sol og varme!




Men når det fyrst skal no bli kaldt og surt ute
så er det jammen godt å kunne varme seg med vedfyring




Og vere i lag med menneske ein er glad i. 
Det blir nok ei god påske likevel! :)
Vakre blomster gjer og sure dagar varmare :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar