onsdag 25. april 2012

Ode til Beffen


Om morgonen er det godt å ligge lenge i senga
og vakne langsamt.
Men arbeidet ventar ikkje, 
og tida vert fort knapp.

Då er det godt å vite 
at det er ein som ventar ved kaia.
Som ikkje smeller dørene igjen framfor nasa di,
men som har god tid,
kaptein med godt humør
og rom for alle som vil vere med.

Det gjer kvardagar lysare
og regndagar tørrare.
Det er Beffen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar