onsdag 18. april 2012

Ein heilt grei kveld på jobben

Eg likar jobben min godt til vanleg.
Men nokre dagar er det berre ekstra kjekt!
I dag, eller kveld, var det slik.
Då var det utdeling av Johan Nordahl Brun-prisen.
Og vinnaren vart den eg håpa! :)

GRATULERER!! 

BJARTE HJELMELAND! :)

Om du ikkje har hørt om Johan Nordahl Brun-prisen, 
så er ikkje det så rart.

Fyrste biskop som bar det noverande bispekorset var
nettopp Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun var biskop i Bjørgvin tidlig på 1800-tallet, 
og han var ein person som bygde bru mellom kyrkje og samfunnsliv. 
Han skapte rom for mange som før ikkje hadde vore velkomen i kyrkja.
 Noverande biskopen i Bjørgvin, min sjef, Halvor Nordhaug, 
fann ut at det skulle delast ut ein pris
i Johan Nordahl Brun sitt namn.  
Ein pris som æra dei som skapar dialog og bygger bru 
i ei verd der ein fort kan bli så opptatt
av eigne meiningar og eigne arenaer 
at ein gløymer viktigheta av at vi heiar kvarandre fram 
og respekterer kvarandre, sjølv om vi har ulike meiningar. 
Denne prisen har han fått kommuna med seg på å sponse, 
slik at prisen er både ei markering og eit pengebeløp.

Mine kollegaer delte ut vafler, saft og kaffe og mange fine smil! :)

Ordføraren var tilstades :) 
Dette var sjølvsagt ein kveld med både taler og sang, og andre kulturinnslag.
Ein kan nesten seie det var ei magisk kveld i korskirken.


Johan Nordahl Brun var også ein salme og sangdiktar. 
Og den mest kjende i Bergen er nok "Nystemten" 
som blir sungen med stor innlevelse av Brannsupportarane på Stadion. 

Som seg hør og bør reiste alle seg
då "Nystemten" vart sungen. 

Bjørn Willberg Andersen song Jan Eggum.


Etter mitt syn er det få som har gjort 
ein så god innsats på dette med å bygge bru
mellom kyrkje, kultur og samfunnsliv som Bjarte Hjelmeland.
Så gleda var stor i mitt hjerte då eg såg "Bergens bortreiste son"
(ja, for han bur jo i Miami - noko hudfargen vitna om)
i kyrkjebenken foran meg i kveld.
Då visste eg at ein bra mann kom til å vinne denne prisen, 
og at standarden var satt høgt! 

Eg veit ikkje kva bildeteksten burde vere her...
God stemning var det i allefall :)
Prisvinnaren :)

Bjarte heldt tale

og sang


Siste kulturelle innslag var Frode Bjorøy si fantastiske tolking 
av ein del av slutten på stykket "Ordet" av Kaj Munk.



Som avslutning på kvelden sang vi 
ein av dei andre sangane som Johan Nordahl Brun skreiv, 
"Jesus lever, graven brast!"


Ein slik kveld på jobben kan vel kven som helst like! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar