tirsdag 24. april 2012

Å leve med historia

Eg sat på ein kaffebar midt på Strøget i København på laurdag og leste i ei dansk avis. Det var eit deilig luftehol - både frå shopping og kvardagen, men ikkje minst var det fantastisk å lese ei avis som ikkje hadde side opp og side ned om 22. juli og rettsaka.



Eg innrømme det glatt, denne rettsaka tek på. Det er slitsomt å forholde seg til. Her eine natta hadde eg det ultimate mareritt då eg drøymde at eg hadde havna på Paradise Hotel - og som om ikkje det var nok - saman med Anders Behring Breivik.

Eg kan ikkje forstå at dette er noko anna enn ekstremt vondt, vanskelig og krevande for dei som fikk erfare hendingane den 22. juli 2011 på nært hald. Eg hugsar kvar eg var, stemninga på butikken då butikksjefen kom springande og fortalde at det hadde gått av ei bombe i regjeringskvartalet. Eller stillheta i bilen på veg heim då vi høyrde at ein galning gjekk laus og skaut på ungdommane på Utøya. 

Etter lufteholet denne laurdagen, over ein kopp kaffe. Etter å ha lese ei avis der det berre var ei dobbeltside om heile veka si rettsak og 40 sider som var fri frå den norske rettsalen. Etter å ha sett bilder av oppslag på kiwibutikken som nektar å vise bilde av massemordaren på butikken, og difor snur avisene. Etter å ha høyrt mykje sjølvskryt og anna skryt om kor flinke vi nordmenn er til å takle dette, så sit eg og undrar meg.


Er vi i ferd med å gå ein prosess der vi endar opp med å fortrenge historia? Det finnes mange i dag som vil seie at Holocaust ikkje fann stad eller er sterkt overdrive, sjølv om konsentrasjonsleirane står der og det finnes både bilder og vitner som kan fortelle at det i aller høgste grad var reelt. På same måte vil det vere menneske som påstår at etnisk rensing ikkje har foregått i krigar og regimer rundt omkring i verda. Eg såg ein dokumentar frå Kambodsja der ein hardnakka påstod at Pol Pot ikkje dreiv med slikt, men fordi eg har sett bildene og lest historiene, så veit eg at dersom eg hadde vorte fødd slik at eg levde under Pol Pot sitt regime, så hadde eg ikkje fått leve lenge - akademiker og brilleslange som eg er. Rasismen slår mange vegar.



Det er ikkje lenge sidan ein berusa fyr, full av adrenalin og andre kjekke gledesstoff, gjekk på scena og sjokkerte eit folk med den svært uheldige uttalen: «mokkamann». Ei uttale som speglar den folkelege rasismen i landet vårt. Mange uttalte seg hardt mot han og sparka til medan han som skulle ha hatt tidenes kveld, hadde knust gleda med orda sine. 

I kjølvatnet kom det eg syns var værre: Den eine etter den andre gjorde den kalkulerte handlinga å poste bildet av Madcon på moccabønneska, med påskrifta Mokkamenn, for å støtte Plumbo. Han hadde ein uttalelse som han ikkje burde hatt, men dei fleste av oss forstår at det var eit mislykka forsøk på å vere morsom. Å poste bildet på facebooksida si vil eg påstå er rasisme, same kor sleipe i kjeften gutta i Madcon er. Kvardagsrasismen er ofte til å ta og føle på - og eg kjenner at den påvirkar meg og. 


Min påstand er: Kvardagsrasismen er at vi held litt ekstra på veska når ein med annen hudfarge går forbi, at vi betegnar ei etnisk gruppe med nedlatande begrep, eller har slår vitsar på bakgrunn av etnisitet, at vi framhevar og problematiserer forskjellar eller ting vi ikkje forstår i kvarandre sin kultur - utan å ville møte kvarandre med opne sinn. Grunnlaget for kvardagsrasismen er at vi godtek at nokon blir behandla ulikt frå oss på grunn av etnisitet, legning, tru eller hudfarge.

Og dette gjev grobunn for slike haldningar og verdiar som denne mannen i rettsalen har. 

Eg er stolt av å bu i eit land der ein mann som begår dei frykeligaste handlingane likevel får ei rettsak. Eg er stolt av å bu i eit land der han blir behandla som eit menneske, sjølv om han for mange har blitt ondskapen sitt ansikt. Eg er stolt av å bu i eit land der vi handterer det utenkelege med rosehav og fokus på demokrati og åpenhet.



Men gjev vi rom for det altoppslukande sinnet? Eller den botnlause sorga? Vågar vi å la bildene fortelle at dette vil vi aldri meir oppleve? Eller vil vi berre komme oss gjennom dette havet av ei rettsak, for så å fortrenge at det har skjedd? Vågar vi å la historiene leve, slik at neste generasjon også får lære kva det kostar oss når hanldningar som fortel at nokon er mindre verd enn andre, får blomstre?

Slik eg vil at Norge skal vere - fargerikt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar