torsdag 1. september 2011

Oppdrag Sognefjorden

I dag har eg kryssa Sognefjorden 3 gonger. Eg starta dagen kl.06.00 og køyrde frå Bergen kl.07. Då var det godt med ei kaffepause før eg skulle starte på dei lange tunnelane.


Etter tunnelane, deriblant Lærdalstunnelen, bar det over fjorden for fyrste gong. Og turen gjekk til Gaupne. Der var det møte med gode medarbeidarar i Indre Sogn. Slikt gjev energi - og det kunne trengast, når turen vidare var utover mot havet..

på veg til Sogndal

Sogndal frå bilruta..


Det er bra majestetisk natur utover fjorden. Fjella tronar over deg, og sola spegla seg i fjorden.


Eg hadde ikkje akkurat sett så nøye på korleis eg skulle køyre. Eg skulle jo berre utover fjorden... Og plutselig var der ei fergekai..

typisk meg å komme til Hella kl.17.15....
 Så då var det berre å krysse fjorden ein gong til - riktignok frå aust til vest, ikkje frå nord til sør-
dagen sitt fyrste mål: Gaupne- oppe til høgre. Så fylgde eg fjorden utover..

Mellomdistansen: Balestrand-Lavik

Mål for kvelden: Eivindvik..
 Så gjekk turen vidare til neste fergekai - Lavik. Og no skulle eg sør om fjorden igjen.
Følte meg litt inneklemt ...
Etter litt leiting, og ein høgst ufrivillig 15 minutters sightseeing i Gulen (det er forresten veldig fint her), så fann eg hotellet - og fekk rom og seng.  Det skal bli deilig å synke ned i den!!


Og det er deilig å kvile augene på denne utsikta når 493 km bak rattet er tilbakelagt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar