onsdag 7. september 2011

Det kom eit skip til Bjørgvin..


Dei fleste på min alder får då årstallet 1349 og svartedauden opp i hukommelsen. Men i dag var det nok eit annerleis skip, med litt hyggelegare ting i lasten. For i dag kom eit vikingeskip(sansynligvis ikkje originalt) med Sunnivaskrinet frå Selja (absolutt ikkje originalt) inn Vågen.


Eg syns egentlig slikt er litt småflaut. Alt Sunnivastyret som har vorte dei siste åra syns eg er litt masse. Men i dag var altså ein av tanteungane mine med og rodde båten inn, og då syns eg det var stas å vere med å sjå!


Klokka eitt sette alle kyrkjeklokkene i Bergen(sentrum) til å ringe. Eg lurer på kva folk som ikkje hadde fått med seg dette opptoget tenkte..


Eg kan sjå Marit, kan du? (om du kjenner ho då ;) )
Og så var jo Sjefen der og. For som sikkert dei fleste veit jobbar eg på Biskop i Bjørgvin sitt kontor. Det er ikkje kvar dag eg får sjå han i denne habiten...


Biskop møter ordfører i Selje, Gunn Helgesen.
 Eg vart egentlig litt overraska over kor mykje folk som kom.
Framme der er skrinet..
Systera mi og ein tanteunge til var også på plass. Dei passa på 4 skuleelevar som var med på opptoget.


Når geistelige legg ut på tur i trafikken,
må ein ha nokon som passar på...

Og eg fekk meg treningsøkt nr.2 i dag, her har eg beviset:

Heilt bakerst i prosesjonen. (mamma var her og- det er ho med raud jakke)

PLUTSELIG var eg foran prosesjonen.. 
Skrinet og dei geistelige. Her går prostestant og katolikk i lag. Nydelig!

Og der var fine tanteungen min også!! :D
 Prosesjonen gjekk ut til Kristkirketomta der skrinet vart sett ned ei stund og fekk kvile seg i duskregnet.

Det var mange som hadde pynta seg fint. :)
 Med så mange prestar tilstades var det som seg hør og bør ei Middagsbøn.


Domprost Jan Otto Myrseth hadde ein god,
økumenisk apell! VELDIG BRA! :)


St.Paul hadde funne fram 17.-maistasen sin, som fekk
ei lita pause då vi var på kristkirketomta.

Så bar det vidare til Bryggen Museum og utstillingsåpning. Der kan ein sjå mykje fint og kjekt det neste året i forbindelse med Sunniva-utstillinga.

Sunnivahola, i allefall ca det.

Syns det er fint når ulike kyrkjesamfunn møtes, eg!
Men det er ikkje like lett å vere 5 år og høyre ordførarar tale.. Då er det greit å finne på noko anna..


Etter utstillinga og ein tur på Egon, gjekk ferda heim igjen. Eg kjenner at spenninga stig for kvar dag når eg nærmar meg leiligheten. Det er enno nokre detaljar igjen (dusjvegg f.eks) men i dag har eg fått dør, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg korleis det vil bli. Trur det er verd pengane:


Ja, og så må eg vise fram resultatet av treningsøkt nr.1 i dag. Med litt dårleg tid stressa eg meg frå bispedømekontoret til studentsenteret på høyden. Det er eit lite stykke, og motbakke mesteparten av vegen. Men eg tenkte eg skulle få tak i ei bok og studentkortet mitt. Boka kjem visst ikkje før ca16.sept, men eg kan bevise at eg er student! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar