lørdag 10. september 2011

Kusinetreff og nytt bad

Alt ligg til rette for ei nydeleg helg.
Halv åtte var eg ferdig på jobb, og då eg kom ut og litt bort i gata stod ein bil og venta på meg.
Inne i den var Cecilie og Elisabeth - to av kusinene mine.
Ferda gjekk vidare via meg, der vi lesste av litt bagasje, og så til Landås og Cecilie sin residens.


Der venta Laila og Gunhild på oss. Dei passa på maten - og hadde vinen klar.


Vi fekk fantastisk indrefilet av svin med ovnsbakte grønsaker og en deilig saus.  Det var rett og slett nydeleg!


Så kom desserten - fantastisk panna cotta. Det var rein og skjær nytelse! Og så var selskapet i særklasse, og både prat og latter sat laust. Nydelige folk eg er i slekt med altså!

Heimturen vart litt alternativ. Vi var sikker på det gjekk ein buss, men det går visst berre på laurdagar. Så vi enda opp med å stå i busskuret og ringe etter taxi alle tre, for det var ikkje så lett å komme gjennom på 07000. Men heim kom vi, og der venta ei stor, stor glede på meg. BERRE SJÅ HER:


Her skal vaskemaskina stå - kanskje vi greier
å få den på plass i morgon. :)

Utsika frå dusjen har aldri vore så bra!

Eg vil kanskje måtte gjere nokre økonomiske kutt i haust, og vere litt sparsommelig, men du verden kor deilig det er å ha eit slikt bad! Eg greier ikkje slutte å smile!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar