søndag 18. september 2011

helgaliv

Det har vore ei roleg helg i grunnen.
Eg tok meg fri på fredag, utan å ha spesielle planar. Det resulterte i litt tusling i byen, nokre timar med lesing - og bittelitt jobb. (det er litt travelt for tida, så det er vanskeleg å koble heilt av.)


Eg gjekk til Edvard for å lese i sola, noko som var utruleg deilig. Og veien gjekk via bystasjonen, og då gjekk eg forbi barnekunsten som er ved Lille Lundgårdsvann. Eg syns det er stilig at byen har rom for at borna får dekorere den!


Etterpå gjekk eg heim og laga meg ein liten fiskemiddag. Steg for steg: 1. ha gulrot, purre og potet i ei ildfast form.


Legg så på torskefilet (eg likar fisken best, så det vart mest fisk og minst poteter) og ha kvit peppar på fisken. Og så til slutt, før du set den i ovnen i ca.30 min på 180 grader:  Hell på ei blanding av fiskebuljong(utblanda) og litt fløte. Blir deilig saus! :)


Det smakar bedre enn det ser ut... ;)

Så kom laurdagen. Det var bylaurdag, og heilt ville tilstandar i byn. Eg ga opp å kjøpe is då eg var på ein liten tur, for det var køer lange som vonde år på alle is-plassane. Det var varmt og sol, så humøret var på topp likevel. Og det var deilig å tusle i byn på dagen, for så å gå heim og gjere seg klar til å feire Marie, som vart 30 i august.



Bursdagsbarnet var i storform! :)

Eg bare diggar dette bildet :D

Rosa sykkelhjelm, kva meir kan ei jente ynskje seg??
I dag har det vore ein roleg dag. Eg har lest litt, sett jentefilm, vaska ei maskin med kle og laga meg middag. Det var ikkje akkurat noko grete roede middag, eller fedon for den saks skuld. Men det er jo berre søndag ein dag i veka! 

Og det er litt annerleis å lage gode middagar når ein bur åleine. Det er ikkje akkurat lagt opp til singelporsjonar på butikken. Og i allefall ikkje når du lagar ting frå botnen. Så eg brukar av og til å kjøpe ei oksesteik, langsteike den (140-160 grader i ca.2 timar), skjere den opp og fryse den ned i porsjonspakkar. Så har eg ein kjapp og god middag ein dag eg har lyst på det.

I dag var ein slik dag, så eg tok opp ein pakke, medan den tina hadde eg pastinakk, søtpotet og potet i ei form i ovnen på 160 grader i 50 minutt, dei siste 10 minutta la eg på oksekjøtet. Medan det vart varmt og godt kokte eg meg saus. Det er ikkje så ofte eg gjer når eg er åleine. Men eg tok litt av kjøtkrafta som eg har frose ned (ja, eg veit eg er litt husmor), litt kjøtbuljong, litt masse kvitløk, pepper og kokte det opp. Så hadde eg opp i ei skei med Creme Fraiche, ein halv dl fløte, litt brun maizena og litt sukkerkulør - og vips, så hadde eg ein deilig middag som ikkje akkurat er kvardagskost her i huset. 


Det har vore ei deilig, rolig helg. Eg håpar du har hatt ei like god helg som meg! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar