torsdag 8. september 2011

Studie i vatten

I dag tenkte eg at eg skulle være flink student etter jobb. Så eg gjekk ein tur på Edvard.

trippel latte og psyk100

Det gjekk veldig fint ei stund, men så vart det som skjedde utanfor meir fasinerande enn psykologiboka.
For i dag regna det - veldig.


Og i motsetning til vanleg regn i Bergen, sånn som kjem frå alle kantar, så regna det i dag rett nedover!


Så eg vart sittande ei lang stund og sjå på regnet, før eg til slutt måtte gå ut i det for å komme meg heim.
Men i dag tenkte eg faktisk at eg likar regn litt og.. det var rett og slett litt fasinerande å sjå på korleis vatnet berre strøymde på, vart bekkar og dammar, og berre rett og slett ramla rett ned. Sansynligvis går fasinasjonen over til i morgon...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar