torsdag 3. mars 2011

Eg blir faktisk svett!

I dag har eg stressa litt. Eg har vore minst 10 minutt på etterskot heile dagen, og er veldig fornøgd med at eg likevel greidde å skvise inn ein time med styrketrening mellom jobb og styremøte. Det gjekk rett nok på bekostning av middagen, men det var utruleg deilig!

Ryggen på t-skjorta etter en time styrketrening

Eg veit ikkje korleis det er med deg når du trenar, men eg er i allefall slik skrudd saman at eg tenker at trening og svette høyrer saman. Eg skal bli anpusten når eg sit på sykkelen eller trakkar på elipsemaskina, eg skal svette - heile økta med vektene og. Eg må kjenne at eg tar i, at eg brukar kroppen, at eg må gje litt ekstra.

fin på håret er eg ikkje etter ferdig økt...

Derfor finn eg det svært fasinerande når eg i dag trena samtidig med ei dame som var svært fint sminka - og i motsetning til meg som kom ut med mascara ned på knea etter en time, så var hennar sminke like fin. Eg såg ikkje ein dråpe svette frå ho på den timen vi var der. Ho sykla rolig og målretta og gjekk samme runde som meg på styrkeapparata (men hadde dei på eit litt snillare stille). Eg skal ikkje påberope meg at eg kan så masse om trening at eg kan seie at det er galt å ikkje svette, men eg har sett fleire som trener på denne måten og eg lurer på om det gjev resultat.

heite og raude (og pittelitt trøtt)

Kanskje er det meg det er noko gale med? Eg treng ikkje sykle så veldig fort før det begynner å piple så smått i panna, så i veldig god form vil eg ikkje påstå at eg er - i allefall ikkje enno..
Men å svette litt(masse) gjer jo at eg kjenner at eg brukar kroppen, og eg er no fornøgd med det eg. Trur det er veldig bra - så får heller mascaraen renne...

2 kommentarer:

  1. Trur det e bra at du svetta ej tante, deili å kjenne at du trena! :D

    Haha, ej klare ikkje dy mej. Ej veit ikkje kor mykje du kan om trening, men om du e interessert i å lære litt av vår kjære Scooby, so e følgande link kanskje av interesse! ;)

    http://www.youtube.com/watch?v=d0IbZ0eiEiQ

    SvarSlett