lørdag 26. februar 2011

Another week...

Ja, då er det endeleg helg. Denne veka har vore innhaldsrik og lang. Eg har vore ikkje mindre enn to turar til Stord og hatt kurs, eg har sove vekk ein dag etter ein undersøkelse på sjukehus og det har vore nokre viktige møter på jobb.. slikt får tida til å gå fort.

Nokre små begivenheter og merkelege hendingar har det og vore. Og etter beste evne har eg forsøkt å dokumentere dei..

Finn ein feil!
Eg skulle berre skunde meg og plutselig stod eg med kontakta i handa.. Og eg vågar ikkje å skru den opp igjen!


Onsdag var eg på sjukehus for å sjekke korleis spiserøret mitt såg ut.. for å få det til måtte dei dope meg. eg forsøkte å gå heim for å vakne igjen. Eg greidde å komme heim før eg sovna igjen, så vidt.

Ute i sola :)

Men det var ein fin dag å gå tur på! Friskt og fint. Eg fikk til og med ha solbriller på!:)


Torsdag var eg på hotell på Stord.... intressant!

Og så ... Min kjære iPod, som var ein fyrstegenerasjons nano, produsert i 2005 avgikk med døden kl.19.42 torsdag kveld... Tidlegare på dagen hadde eg skrytt av at han hadde funka så lenge..

:-(

Så på veg til jobb på fredag - dvs. på veg frå eit møte til kontoret - måtte eg berre gå innom eplehuset.. Tanken var i grunnen å kjøpe ein liten shuffel-sak, men då eg såg kor liten nanoen var og kor mykje plass den hadde, så falt eg for fristinga..

Den er lysegrøn - akkurat som håpet!

Sorgen og gleden de vandrer til hope..





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar