torsdag 17. februar 2011

Prestekoner og cardio

Ja, det har visst gått nokre dagar sia sist eg blogga. Og i helga skal eg opp på fjellet uten dekning igjen, så skulle eg skrive noko så måtte det bli no.

Det har vore ei travel veke. I går var eg med på noko heilt unikt. Prestekoneforening! Det er ei forening som innheld akkurat det du trur, prestekoner. I desember neste år vert denne foreninga 100 år - sjølv om konene ikkje er det. Snittalderen trur eg er rimeleg høg, ut frå samtalen om kva ein gjorde i 1940 og 1950 vil eg anta at det er ganske sikkert rundt 70 år.. Det var jo sjølvsagt nokon som drog ned - og nokon som drog opp snittet, så heilt sikker kan eg ikkje vere.

Det er ikkje noko tull å kome på prestekoneforening i Fana prestegard!:)

Men uansett alder - disse damene var heilt fantastiske! Dei har eit enormt engasjement for born og unge, for samfunnet vi lever i og for misjon og diakoni. Eg var hyra inn til å fortelle litt om trusopplæringa, og det var ei veldig takknemlig forsamling å snakke til! Og etterpå gikk praten flittig over fantastisk god mat og kaffe. Og eg fekk blomster med meg heim som takk! Det passa jo supert i og med at eg har tatt livet av siste julestjerna! :)


Og så antar eg at det sikkert er nokon som lurer på korleis det har gått med treninga. Og det skal eg seie, eg har gått hardt ut!

nesten oppe i Fjellveien

Laurdag var eg på "gutteshopping" og kom heim med lommelykt og batteri, før eg hasta ut igjen til middag og konsert. Så då vart det ikkje trena. Men søndag møtte eg onkelen min og kusina mi til kaffe midt på dagen så då tok eg meg ein tur opp i Fjellveien.

Og etter dette har eg i grunnen trena kvar dag. Er ganske fornøgd med meg sjølv... I dag hadde eg Lars Vaular og rett opp og ned på iPoden, der eg stod på elipsemaskina og køyrde på på høgaste motstand til eg kjende blodsmak i munnen og låra brann! Men er det cardio, så er det cardio! No kjenner eg det i baken..

En dag skal eg greie å komme meg OPP denne motbakken!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar