søndag 13. februar 2011

Real Group-kveld

Eg har hatt en veldig fin laurdagskveld! Desverre hadde eg berre med meg iPhonen, og ikkje eit skikkelig kamera.. så kvaliteten på bilda er deretter.


 Vi starta på Sumo - med både middag og dessert!


Eg åt sjølvsagt sushi - noko eg er veldig glad i. Det eg derimot ikkje er spesielt begeistra for  er wasabi.. så den lot eg ligge igjen!

Så bar det nokre meter lenger ned i gata for konsert med The Real Group i Salem. Vi sat på første rad, og eg var så heldig å ha plass mellom to av dei kjekkaste karane i byn! Dette kunne ikkje bli feil!




Denne filmsnutten er frå tyskland - trur eg- og denne sangen sang dei på svensk i kveld. Eg vart heilt fasinert av denne bassen! Det finnes ikkje mange slike!

Og for dei som ikkje har vore borti Real Group før, så var ett av kveldens høgdepunkt for meg BAD. Fann ein videosnutt på den og på YouTube..


Eg syns den var bedre i kveld enn den er på denne videoen, men så satt eg betraktelig bedre enn den som filma dette.. ;)

Setlista- det eineste tilbehøret på scena!

Lykkelig setlisteeier

Etterpå stua vi oss inn i bilen til Are - som er ein veldig fin bil så lenge ein berre er to. Med ein gong nokon skal knekkast inn i baksetet er den forsåvidt like fin, men litt trangare.
Men alt går med gode vener, og vi hadde fått invitasjon/eg inviterte oss til Ingelin.

fine gutane

fine jentene

Etter lenger enn eg hadde tenkt, bar det heim igjen. Og då var det bybanen som var det mest fornuftige alternativet. Og Rune skulle andre vegen, så vi gjekk dit i lag. Det er gangske kul stopp på Fantoft - og eg syns det vart eit stilig motiv når Rune stod der..


Og på mi heimreise har eg lært følgande:
1. Bybanen knirkar og piper noko utruleg.. den burde vore smurd!
2. Å komme seg av bybanen i byparken sånn i halvto-tida natt til søndag er ein utfordring - men alt går når ein berre har ein vektar eller to å hjelpe:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar