mandag 14. februar 2011

Mmmmmmmmmmmmiddag!

I dag gjekk eg heim frå jobb, med Stephen Fry som les Harry Potter på øyret og funderte på kva eg skulle finne på til middag. Det er litt tiltak å lage middag til ein, men eg likar middag veldig godt, så eg prøvar å lage det dei fleste dagane.

Eg konkluderte med at eg egentlig hadde lyst på fisk, for eg hadde det berre to gonger forrige veke. Men kva skulle eg finne på... Så møtte eg plutselig på Hanna, ei flott dame eg vart kjend med i Norkirken Bergen. Ho og mannen bur rett oppi høgget her, og vi vart gåande og prate på veg heim. Og ho ga meg ei oppskrift som eg berre måtte prøve.

TORSK MED SITRONSMØRSAUS!
Du tar ei blokk med frossen torsk som du kjøper i butikken.
Så legg du den i ei ildfast form saman med litt smør, har på skiver med sitron og salt og pepper.


Så tar du på lokk (eller folie) og set det i ovnen. Her glømte eg å spørre om tida, men når fisken er tina er den ferdig sa Hanna. Eg lot den stå litt til. Det er ganske mykje vatten i desse blokkene med fisk, så du får ein herlig saus av vatten, salt, pepper, smør og sitron. Det vart faktisk ganske masse saus..


Eg åt det med poteter og gulrot til. Det var rett og slett KJEMPEGODT! Så dette anbefaler eg på det varmaste - i allefall dersom du likar fisk ;) (og det er kjempeenkelt!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar