fredag 11. februar 2011

I morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv... nææææh!

Eg begynte i dag eg!


Alle som kjenner meg veit at eg er ein livsnytar - og at eg er motstandar av slankekurar som involverer kjappe løysningar...

For å byrje i ein annan ende:

I fjor, sånn rett over nyttår var eg i tålig bra form. Eg gjekk på fjellet kvar dag det var råd og var godt fornøgd. Men så er det at det vart så himla glatt, mykje takka vere at Fløien, som er nærmaste fjell for meg, er ein elska akebakke når det er føre for slikt. Og då er det ei utfordring å gå på beina...

Frå fjelltur over munkebotn i januar i fjor

Så eg sklei litt på isen, og rykte ryggen litt ut av lage. Eg har ein ryggvirvel som ikkje funkar optimalt, så det skal ofte ikkje så mykje til. Men når du kombinerar dette med ei altfor mjuk seng, så vart resultatet at eg fekk problem med å gå motbakkar.. Og skal du gå på fjellet er det ei forutsetning at ein greier å gå oppover!

I tillegg kjende eg det innimellom - så eg hadde ei super unnskyldning for ikkje å trene - ei stund..
Men so er det slik at til lenger pause ein tek, jo vanskeligare vert det å kome i gang igjen!
Og eg har vore gjennom eit ganske heftig år på mange områder, så eg har i det siste kjent på at eg er sliten og trøtt. Det kan vere mange grunnar til dette - og fastlegen har, i godt samarbeid med cøliakiklinikken på Haukeland, sendt meg til all verdens undersøkelsar, no skal alt utredast.

Det var visst ikkje lett å få blod frå denne jenta..

Og no har eg fått beskjed om at eg manglar både det eine og andre.. Så eg må ete nokre ENORME tablettar for å unngå å bli beinskjør. (dette er visst ganske vanlig når ein har cøliaki) For ryggen min har visst noko lav beintetthet..

Monstertablett!

Eg veit ikkje kva forhold du har til badevekta - eg må seie at eg ikkje har noko varmt og kjært forhold til den. Faktisk har badevekta mi vore utan batteri det siste året... ikkje lurt kanskje, men veldig behagelig.. Men for eit par veker sidan hadde eg mitt fyrste møte med ei badevekt igjen - det var forsåvidt ikkje noko sjokk, men det var ikkje behagelig å konstantere at eg egentlig nærma meg stygt to av meg sjølv.. Så då var det berre å legge ein strategi for kva ein skulle gjere! For greit nok er eg heilt fantastisk, men to av meg er i overkant! ;)

Ikkje akkurat min beste venn...

Eg tenkte at eg fekk ta mot til meg og oppsøke treningsstudio. Eg bur jo i same kvartal som eitt, men eg gjekk forbi kvar dag og vegra meg. For eg har litt smådårlege erfaringar med slikt frå Oslotida mi, så det vart ikkje. Eg greidde rett og slett ikkje å ta mot til meg og gå inn døra..

Så fann eg ut at eg fekk ta meg sjølv i nakken og komme meg ut og gå tur. Og kom meg ut ein dag - og møtte regnet, og ikkje berre litt. Det enda med at eg gjekk innom Kiwi på veg heim igjen, etter ein tur som knapt nok gjekk til Skansen. Og der såg eg at det hadde komt eit nytt treningssenter.. nr.1 fitness..
Så eg søkte det opp på nettet..

Og der kom eg borti nok dei har kalla Easy Life. Eit livsstilsenter som har same eigarar som nr.1 fitness, og dette var spesielt tilpassa slike som meg - som ikkje har trena på lenge. Så eg tenkte at dersom eg ikkje pressar meg sjølv no, så blir det ikkje. Så eg sendte inn eit kontaktskjema. Og på mandag ringde dei, og eg stakk innom på omvisning. Og i dag hadde eg altså min fyrste time der.

BEVIS!

Og for å presse meg til å ikkje la det bli med denne eine timen og gje opp ved fyrste korsveg, så har eg no skaffa meg medlemskap i 12 månader! Så får vi sjå om det framleis er nesten 2 av meg når dette året er over.. No har eg lagt det ut her, så då må eg no vel greie det... Og kanskje greier eg å komme meg opp Stolzen i år?

1 kommentar: