tirsdag 21. desember 2010

Trøffelkonfekt - del 2 (og, egentlig, del 3)

Ja, har eg sagt a så får eg vel seie b.. Eg hadde jo egentlig planlagt å verte ferdig med konfekten i går, men slik vart det ikkje. Eg laga derimot fløytekaramellar etter eg hadde skrive forrige blogginnlegg, og dei vart veldig gode..

veldig enkelt og veldig godt!

Men så var det gårsdagen: Eg kom heim og var ganske så feberheit, så eg gjekk rett og slett og la meg.
Så fekk eg melding om eg vere med på kino og sjå "Kongen av Bastøy" - og etter et par timar med søvn, følte eg meg rimelig ok, så eg takka ja.

Eg rakk å gjere del to før eg gjekk likevel:
det eg hadde lagt til tørk, måtte rullast i kuler...


Måtte ha en kniv for å få klisset laust..
 
Det er noko skikkelig kliss, spesielt fordi eg har så varme hender...
Filmen var veldig bra, så den anbefaler eg. Men eg kom heim og orka ikkje noko meir, så eg kraup opp i senga og vart der til vekkerklokka ringte i dag tidlig.
Så konfekten måtte fint vente til arbeidsdagen i dag var ferdig..

Dei neste stega er då:

Smelte sjokolade i vannbad.. eller tålmodighetsprøve..


gode redskaper er greit å ha..
Eg har då eit fondue-sett som har nokre skeier som er veldig hendige til dette, dei er djupe og små. Funkar rett og slett som ei kule!

Det blir litt sånn sjarmerande ulikheter...

sjøl om det ser passe ut, så er det veldig godt!

Viktig med julekos samtidig!
Det er eit slikt prosjekt som du angrar bittert på når du er midt i, men når du er ferdig er du ganske fornøgd med deg sjølv!

2 kommentarer:

  1. Anbefaler ein Tupperware dings som du kan smelte sjokolade, smør etc i microen. 2 minutt-ferdig! Såg godt ut :) Eg lager óg alltid karameller til jul, sikkert ca samme oppskrift men eg har 3 skjeer kakaopulver oppi også. God jul, Liv Helga!

    SvarSlett
  2. I utgangspunktet eit veldig godt forslag, Reidun! Men to ting som talar for vannbad for min del er: 1. Eg har ikkje micro.... 2. Det tar lang tid å rulle kulene i sjokoladen, så ein må ha noko som held sjokoladen flytande. Og då funkar vannbad som ei kule! God jul! :)

    SvarSlett