Det var utrulig deilig å kome heim, ekstra deilig var det på grunn av at Helene og nokre til av tanteungane mine hadde brote seg inn på rommet mitt og pynta til jul. Tusen takk!
Her er nokre bilder:
Det er ingenting i vegen med kreativiteten... |
Lillian på 4 år hadde fått æra av å tenne hjerte i tante sitt vindu.... Det er godt å komme heim til slikt! |
Eg syns gårsdagen vart ein fryktelig lang dag. Eg kan berre takke meg sjølv, for det er eg som har planlagt julegåvene dårleg - eller vore dårleg med å sette forhåpentligvis gode idèar ut i live. Dette resulterte i knappe 3 timar med søvn natt til i går, og eg kom meg ikkje i seng før nærmare 03.30 i natt heller. Og i dag tidlig var det ikkje snakk om å sove frampå. For fyrste runde av julenisseleiken var i gong.
Volda var målet. Og dit går det sikkert fleire vegar, men vi varierer mellom to. Den eine går via Lauvstad, og har ei ferge som går ca. ein gong i timen, denne er den kortaste av dei to - om du treff bra på ferga. Den andre vegen går via Folkestad, og der går ferga kvar halvtime, men vegen er ca.20 minutt lenger. På glatta og ved hjelp av nokre uforutsette hendingar, så vart det til at vi valgte Folkestad.
I Volda bur eldste bror min og familia. Dei som eg var i USA med i sommar. Det var veldig kjekt å sjå dei igjen!
Vi ankom Fures residens i Volda ca.12.40, etter dette stod f.eks. denne karen opp.. |
MIDDAG! (deilig laksemiddag!) |
Historietime og løkkeskriftkunst med Farmor.. |
Så bar det heim igjen til ei lita pause før det var selskap til Håvard, ein av tanteungane mine som blir 14 år i dag! (i dag er altså julafta, sidan klokka no har bikka midnatt)
På garden har dei fått kattungar.. lyst på ein? |
Det er plass til mange i selskap hos søstera mi! |
O jul med din glede og barnlige lyst.. |
Ja, då er det vel berre å legge seg å sove. Eg er full i kake, og takknemlighet over ei fantastisk fin familie! I morgon skal vi vere julenissar til Bryggja, der yngste bror min bur med si familie. Eg gledar meg til å sjå dei igjen også!
God jul!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar