søndag 5. desember 2010

Händel altså!

Eg vart invitert med på Händles Messias i dag.
HEILT FANTASTISK!

Kor og orkester i aksjon

Korskirken var full av folk, og i ca to og ein halv time fekk vi nyte fantastisk vakker musikk framført av Collegiûm Mûsicûm med solistar. Solistane var veldig flinke, men koret var ganske enkelt fantastiske.

dirigenten veksla på å stå og dirigere..

Men den som fanga mi oppmerksomhet mest var dirigenten, ein kan som heiter Nicholas Kraemer. Han kunne sakene sine, og har i følge programmet starta karrieren på cembalo og harpe. Noko han viste at han framleis kan, samstundes som han dirigerte sjølvsagt!

og å sitte og spele OG dirigere...

Å sjå eit orkester bli dirigert med hovudet eller at det ikkje var noko fusking på cembaloen medan eine handa slo inn ulike grupper i orkesteret var ikkje mindre enn fantastisk!

Og så er Händels Messias eit fantastisk stykke musikk! Det seiast at Händel skreiv det på 22 dagar i 1741, i ein ekstatisk henrykkelse.. Eg var ikkje der då, så eg skal ikkje uttale meg om det, men det er vakkert, stemningsfullt, uttrykksfullt og talar til sjela. Og når så flinke folk som dette utførte det, vart det ein smak av himmel på jorda!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar